Håper livet mitt skal vare litt lenger 

– Håpet mitt er at behandlinga skal stagnere kreften, slik at eg kanskje kan leve eit par år til før kreften et meg opp,  seier Kurt Teigen (50). No får han utprøvande behandling ved Haukeland.
Av Linda Hilland, Helse Bergen
 
Kurt sit i ein brun sofa ved Kreftpost 1 i Parkbygget. Han et lunsj medan medikamentet bevacizumab renn sakte inn i årene hans. For fem år sidan fekk han diagnosen føflekkreft.

[alternativ tekst]


Lite å stille opp med
– Foreløpig har vi lite å stille opp med når det gjeld behandling av føflekkreft med spreiing. Berre 1 av 6 har nytte av standardbehandling som er cellegift, og biverknadene kan vere plagsame. Utsiktene til å gjere folk friske er god dersom ein oppdagar føflekkreft på eit tidleg stadium og får fjerna svulsten kirurgisk. Derimot vil om lag 80 prosent av pasientane døy innan to år dersom kreften spreier seg, fortel overlege Oddbjørn Straume (bilete) ved Kreftavdelinga på Haukeland.

Må anstrenge oss
I Noreg har ein prøvd forskjellige typar behandling utan gjennombrot. Denne kreftforma er resistent både mot cellegift og stråling.

- Difor må vi anstrenge oss for å finne ein behandlingsform som har effekt. Målet vårt er å gje betre hjelp til alvorleg kreftsjuke, seier Straume. 

Nytt behandlingsprinsipp
Sidan 2005 har Kreftavdelinga forska på eit nytt behandlingsprinsipp for pasientar som har føflekkreft med spreiing.

Den utprøvande behandlinga går ut på å gje pasientane eit preparat intravenøst kvar 14 dag. Stoffet skal hindre nydanning av blodkar som kreftsvulstane er avhengige av for å vekse og utvikle seg.

- Hittil har vi inkludert 35 pasientar i denne utprøvande behandlinga. Resultata er lovande og det er mange pasientar som har god nytte av denne behandlinga, seier Straume.

Ønskjer å inkludere fleire pasientar
Studien går no inn i ein ny fase. - Vi planlegg å utvide studien slik at ein kan gjere ein direkte samanlikning med standard cellegiftbehandling for å syne at den nye behandlinga er meir effektiv og meir skånsam for pasientane. Vi ynskjer også å utvide slik at studien kan inkludere pasientar også ved andre kreftsentra i Noreg, seier Straume.

Treng midlar til utprøvande behandling
Kreftavdelinga vil no søke om midlar til støtte for denne forskinga som har som mål å tilby utprøvande behandling til kreftpasientar der det finnes få gode alternativ.
I tillegg til det kliniske studien, jobbar Kreftavdelinga parallelt med å avdekkje mekanismane bak kvifor nokon svulstar reagerer godt og andre ikkje.

Nederste CT-bilete til venstre viser kreftsvulsten før behandling. Med en storleik på 14,8 centimeter i diameter. Nederst til høgre ser vi bilete av svulsten etter månader med behandling. Den har krympa til 6,2 centimeter i diameter.

Ein ny sjanse
For Kurt er denne studien ein ny sjanse. Han har flydd frå Oslo til Bergen for å få behandling. Det skal han gjere kvar 14 dag i 24 veker.

- Eg har nyleg blitt inkludert i denne studien, så eg veit ikkje om behandlinga kjem til å virke. Men eg har berre dette håpet å halde meg fast i. Dersom behandlinga har effekt kan det gje meg ein litt annan tidshorisont. Eit par år, og kven veit kva behandling som er på marknaden då. I dag er teknologien til stades og ein vert stadig flinkare til å skreddarsy kreftbehandling, seier Kurt.

Ikkje alle får tilbod om utprøvande behandling
Han fekk ikkje tilbod om å vere med på utprøvande behandling i Oslo der han bur, då dei ikkje tilbyr denne behandlinga. Kurt fekk vite om studien på Haukeland gjennom vener.
- Det er i dag tilfeldig kven som får informasjon og tilbod om utprøvande kreftbehandling, og slik burde det ikkje vere. Det er ikkje lett for pasientar å godta at det ikkje er meir å gjere. Det er naturleg å søke informasjon om utprøvande behandling, men ikkje alle er ressurssterke nok til å finne fram, seier Kurt.

Glad for å vere med på studien
Straume fortel at alle kreftpasientar som har føflekkreft med spreiing i region Vest får tilbod om å vere med på denne studien. Det takkar dei fleste pasientane ja til.

- Dei er glade for å få tilbodet. Dei får ein ekstra sjanse, og det er ikkje noko stor risiko i samband med dette forskingsprosjektet, fortel Straume.

Treng oversikt over utprøvande behandling
Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i helsevesenet fremma i desember i fjor eit forslag om at det bør etablerast ein nasjonal kvalitetssikra oversikt over pågåande og planlagde kliniske utprøvande behandlingsprosjekt for pasientar med alvorleg sjukdom, som blant anna kreft.

I 2008 var det 1285 menneske som fekk føflekkreft i Noreg. Vel ti prosent av tilfella er registert med spreiing.


Publisert 12.03.2010 11:45 | Endret 28.12.2010 13:32 

 Publisert av eining

 Fakta ‭[1]‬

Utprøvande behandling

Utprøvande behandling er behandling med nye preparat og metodar for kreftpasientar.

Utprøvande behandling kan bli gitt til kreftpasientar i tilfeller kor dagens standardbehandling ikkje lenger har nokon effekt.  

 Fakta ‭[2]‬

Krafttak mot kreft

Krafttak mot kreft er Kreftforeningen si årlege innsamlingsaksjon til inntekt for kreftsaka.

Aksjonen går av stabelen i veke 10.

Pengane som samlast inn til Krafttak mot kreft 2010 går til utprøvande behandling.

Meir pengar til utprøvande behandling vil føre til at ny kreftmedisin og behandlingsmetodar tas raskare i bruk.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo