Det er i tillegg øyremerka 3 millionar kr av forskingsmidlane til forsking retta mot samhandling med dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Midlane blir handsama av Samarbeidsorganet med universiteta saman med resten av forskingsmidlane.
Samhandlingsmidlane som blir lyst ut her skal derfor ikkje gå til forskingsprosjekt, men til andre typar samhandlingsprosjekt og -tiltak. Dette kan til dømes vere utvikling av samanhengande behandlingskjeder på tvers av nivåa i helsetenesta, eller ulike samarbeidsmodellar som understøtter samhandlingsreforma
(11/2-linjeteneste, lokalmedisinske sentra og liknande).
Det er eit mål at tildelinga omfattar ulike delar av spesialisthelsetenesta som til dømes psykisk helsevern, habilitering/rehabilitering, pasientopplæring og spesialisthelsetenester til eldre (jf. styresak 15/10).
Ved prioritering skal det leggjast vekt på at prosjekta/tiltaka:
- understøttar intensjonane i samhandlingsreforma
- er i tråd med overordna mål for utviklinga av spesialisthelsetenesta i Helse 2020 og Nasjonal helseplan
- har nytteverdi for pasienten
- har overføringsverdi til andre einingar/tenester
- har deltaking frå både spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta
- ivaretek brukarmedverknad
- beskriv ei metodisk tilnærming, med plan for korleis effekten skal evaluerast
- inneheld ein plan for implementering i drift
Ved endeleg tildeling vil Helse Vest leggje vekt på ei geografisk fordeling i regionen.
Det kan bli stilt krav om statusrapport undervegs, i tillegg til sluttrapport innan utgangen av 2012. Rapportar vil bli gjort tilgjengelege t.d. på nettsida til Helse Vest, for deling av informasjon.
Det blir lagt til grunn at helseføretaka følgjer opp prosjekta undervegs i perioden. Ikkje alle prosjekt som får tildelt midlar, kan bli fullfmansiert med prosjektmidlar. Eigenfinansiering av nokre tiltak kan derfor bli aktuelt. Dersom det blir søkt om midlar til same prosjekt frå ulike kjelder skal dette gjerast greie for i søknaden.
Det blir vidare lagt til grunn at helseforetaka/institusjonane spreiar informasjonen om utlysninga av midlar, gjer ei samla vurdering av søknadene, set dei opp i prioritert rekkefølgje, og sender dei samla til Helse Vest innan søknadsfristen.
Vi inviterer helseføretaka og private ideelle institusjonar med avtale med Helse Vest til å søkje. Det skal sendast samla søknad til Helse Vest der føretaket/institusjonen har prioritert mellom prosjekta.
Søknadsfristen er sett til 4. april 2012.
Midlar kan overførast til 2013.
Publisert
22.03.2012 08:00 |
Endret
22.03.2012 10:48