Nasjonalforeningen for folkehelsen

Utlysing av midlar til forsking og utvikling 

Gjennom Nasjonalforeningen for folkehelsen kan du søkje midlar frå ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering som fordeler overskot frå TV-spelet EXTRA. Det er mogleg å søkje midlar til prosjekt innanfor forsking, førebygging og rehabilitering.
 

Nasjonalforeningen for folkehelsen er ein frivillig, humanitær organisasjon med helselag og demensforeininger over heile landet. Deira målsetting er å bekjempe hjarte- og karsjukdommar og demens. Arbeidet blir finansier med innsamla midlar og gåver.

I 2011 fekk Nasjonalforeningen for folkehelsen 7,8 millionar kroner til prosjekt innanfor forsking og utvikling. Av desse prosjekta er 10 stipendiat og 1 postdoc. Det blir videreformidla søknader både frå eksterne forskingsinstitusjonar og frå søkjarar med tilknyting til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Søknadene må vere innanfor foreiningas arbeidsområde:

• Hjarte- og karsjukdommar

• Demens

Dei fremmer også søknader innanfor tuberkulose.   

Innanfor forsking kan det søkjast midler til doktorgrad og postdoc. Midlar til drift ut over kr. 60 000 i året som følgjer rundsummen, blir ikkje innvilga. ExtraStiftelsen legg vekt på anvendt klinisk forsking og forsking som kjem brukargrupper til gode.   

Innanfor førebygging og rehabilitering kan det søkjast om midlar til utviklingsarbeid i form av modellutprøvingar, utgreiingar, kartleggingar og utviklingsforsøk. Her kan du lese meir.

Det er prosjektet si faglege kvalitet som avgjer om det får støtte.

Ta kontakt allereie no med prosjektkoordinator Stine Nordhagen i Nasjonalforeningen for folkehelsen på telefon 23 12 00 33 for meir informasjon om moglegheita til å søkje. Send ein prosjektskisse/abstract per e-post til vurdering.

Elektronisk søknadsskjema med rettleiing er tilgjengeleg på www.extrastiftelsen.no frå 1. april. Nasjonalforeningen for folkehelsen oppretter tilgang til søknadsskjema for aktuelle søkjarar.

Søknadsfrist for forskingssøknader er 22. mai 2012. For førebyggings- og rehabiliteringssøknader er fristen 7. mai 2012.

Søknadene vil bli koordinerte og videreformidla til ExtraStiftelsen. Resultatet av tildelinga vil vere klart i slutten av november 2012.

Publisert 21.12.2011 14:30 | Endret 22.12.2011 08:47 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo