Søknadsfrist 15. september

Utlysing av Helse Vests forskingsmidlar 2013 

No er det mogleg å søkje Helse Vest sine forskingsmidlar for 2013, og det elektroniske søknadsskjemaet (eSøknad) er gjort tilgjengeleg. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2012 
 
Formålet med forskingsmidlane er at dei skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka, og auke produktiviteten og kvaliteten på forskinga. Forskingsmidla skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å sikre forsking og oppbygging av forskingskompetanse i helseføretaka.

Dei som har søkt i tidligare år vil sjå at no er det komne eigne retningslinjer for kvar søknadsstype. Også rettleiingstekstane i eSøknadsskjemaet er oppdatert. Les heile utlysinga og finn lenke til søknadsskjema her.

Det vil også bli haldt eit informasjonmøte for Helse Bergen onsdag 22. august kl 14.00-15.30 i Stort auditorium, Sentralblokken, der ein vil få anledning til å stille spørsmål.

Publisert 22.06.2012 12:35 | Endret 22.06.2012 16:18 

 Søk om forskingsmidlar

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo