Helsedøgnet 2009:

Undersøkte livmål og livsstil 

Som første sjukehus i landet gjennomførte Haukeland universitetssjukehus torsdag 16. april ei kartlegging av livsstilen til pasientane sine.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

Kartlegginga skal gi helsepersonell ein mulegheit til å gje enda betre behandling til pasientane medan dei er på sjukehuset.

– Vi er ikkje ute etter å avsløre misbrukarane av alkohol ved gjennomføringa av denne undersøkinga. Vi ønskjer å avdekke livsstilsforhold – kost, fysisk aktivitet, røyke- og alkoholvanar – som kan ha noko å seie for behandlinga av pasienten, fortel overlege Svein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin.

Lene Berentzen på Ortopedisk avdeling var ein av mange pasientar som deltok i kartlegginga. Ho vart også intervju av Vestlandsrevyen.
Mål om 60 prosent
Kartlegginga gjaldt inneliggande og polikliniske pasientar i somatikken, rundt 2000 i talet. Undersøkinga er frivillig.

– Målet er ei deltaking på minst 60 prosent, seier lege og stipendiat Kristian Oppedal ved Det Regionale kompetansesenteret for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR) og Rusmedisinsk team på Haukeland.

154 sjukepleiestudentar deltok i gjennomføringa, saman med Skjøtskift, Oppedal og åtte andre nøkkelpersonar frå Avdeling for rusmedisin og KORFOR. Kompetansesenteret koordinerer og finansierer prosjektet.

Auka risiko for komplikasjonar
Resultata frå Helsedøgnet vil vera klare i mai, og blir gjort tilgjengelig slik at dei ulike avdelingane og poliklinikkane på Haukeland kan sjå korleis deira pasientgruppe ligg i forhold til livsstil. Denne informasjonen kan ein dermed dra nytte av rimeleg raskt.

– Når vi veit at komplikasjonar ved eit kirurgisk inngrep aukar dramatisk dersom pasienten drikk over ein viss mengde alkohol eller røyker dagleg før ein operasjon, meiner vi det er viktig at pasienten får denne informasjonen frå oss, seier fagutviklingssjukepleiar Jan Tore Daltveit ved Avdeling for rusmedisin.

– På den måten kan han eller ho gjere eit val, og påverke utfallet av behandlinga på sjukehuset.

Viktige spørsmål
Dette blir understreka av Skjøtskift.

– For at sjukehuset skal kunne gi optimal behandling, må vi vite mest muleg om pasientane. Det er derfor vi gjennomfører denne kartlegginga. Vi veit at spørsmål om livsstil kan vera vanskeleg å stille pasientane, men når helsetilstanden og livsstilen til pasientane er knytt til behandlinga ein får på sjukehuset, er det viktig at ein stiller desse spørsmåla. Då kan vi gi nøytral og sakleg informasjon om kva vi kan gjere og kva pasientane sjølve kan gjere for at behandlinga her skal bli så god som muleg, seier han.

– Det er berre rett og rimeleg at pasientane får vite kva dei kan eller må endre på for at behandlinga dei får på sjukehuset skal bli best muleg.

Helsedøgnet kan altså gi kvar einskil avdeling ein muligheit til å gi enda betre og meir spesifikk informasjon om kva dei ulike pasientane kan gjere sjølve, både før og under behandlinga, for å bli fortare frisk. I dag får pasientane informasjon om at det er risiko ved ulike type behandlingar, men dei får i mindre grad vite at risikoen aukar dersom dei fører ein livsstil som kan påverke behandlinga negativt.


Publisert 16.04.2009 14:15 | Endret 13.01.2011 14:31 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo