|
| Anne Tandberg har tidlegare undersøkt førekomsten av tvillingar i Noreg. Den auka førekomsten av tvillingar har blant anna ein samanheng med at mor sin alder har auka dei seinare åra. Dette er ikkje tilfelle i like stor grad for trillingar. (foto: Gudrun Sylte)
|
– Trillingsvangerskap utgjør ein stor helserisiko for både mor og barn, og bør avgrensast så langt det lar seg gjere, seier seksjonsoverlege Tandberg til På høyden. Ho er for tida ph.d.-stipendiat ved Institutt for samfunnsmedisinske fag, Universitetet i Bergen.
Jamn auke trillingsvangerskap
Tandberg har undersøkt førekomst og utfall av trillingsvangerskap i Noreg frå 1967 til 2006. Den totale trillingførekomsten tredobla seg frå 1967 til midten av 90-tallet, følgt av ein nedgang frå år 2000. Denne nedgangen skyltes at man satt inn berre eitt eller to befrukta egg ved assistert befruktning, prøverørsbehandling.
Det som overraskar Tandberg, er at dersom ein ikkje regner med tilfella frå assistert befruktning, er det likevel ein jamn auke av talet på trillingsvangerskap per år. Dei siste åra har det vore vel tretti slike svangerskap frå naturlig befruktning per år, ein dobling frå tidleg syttital. Funna til Haukeland-legen er i dag publisert i British Journal of Obstetrics and Gynaecology (BJOG)
I dag berre eitt egg
Anne Tandberg har lang erfaring frå arbeid med assistert befruktning. Medan hun fullfører doktorgraden har ho permisjon frå jobben som seksjonsoverlege på Haukeland. I fagmiljøet har ein tatt konsekvensane av at talet på trillingsvangerskap har auka. I dag set ein berre inn eitt befrukta egg ved assistert befruktning.
Tandberg meiner at ein av forklaringane til den auka førekomsten av både tvilling- og trillingsvangerskap kan være eggløysingstimulerande middel utskrive av lege til kvinner som strever med å få barn. Ved slik behandling, kan to eller fleire egg losne samtidig.
For å unngå dette, bør desse kvinnene kontrollerast betre, og få beskjed om samleieforbod eller kondom viss tre eller fleire egg ser ut til å modna, meiner Tandberg.
Født så alt for tidleg
I sitt materiale har Tandberg undersøkt dødelegheit for trillingar. Talla viser at risikoen for tidlege dødsfall er ti gongar høgare for trillingar enn for enkeltfødde.
Altfor tidlig fødsel er den viktigaste årsaka til dette dårlege utfallet. Det skjer til tross for nøye oppfølging i svangerskapet og medisinske framskritt i nyføddmedisin. For at trillingane skal ha større sjanse til å overleve, er det viktig at svangerskapet blir forlenga forbi 28. graviditetsveke, påpeiker ho.
Studien til Tandberg viser at raten for dødelegheit før og etter denne svangerskapslengda er 50 prosent og 3,8 prosent. I studien er dødelegheita samanlika i to tidsperiodar, 1967-1987 og 1988-2006.
Sjølv om trillingar utgjer ein helserisiko både for mor og barn, har små premature barn likevel langt større sjanse til å overleve i dag enn for førti år sidan.
– Ein grunn er at alle fostre blir oppdaga i dag. Det er ikkje som tidlegare då ein plutseleg oppdaga eitt barn til når ein trudde ei kvinne venta tvillingar.
Trillingfødslar er nå planlagde keisarsnitt, og blir berre utført på sjukehus som har avdeling for nyfødd, og barna får topp service frå første leveminutt. Det kan være opp til tjue personar til stades under slike fødslar, seier Tandberg.
Fakta/trillingar
* Gjennomsnittleg svangerskapslengde for trillingar er 32 veker mot 40 for enkeltfødde. Sjansen for å overleve aukar betydeleg etter 28. uke i svangerskapet. Raten for dødelegheit er 50 % og 3,8% før og etter denne svangerskapslengda.
* Gjennomsnittleg fødselsvekt er 1700 gram for trillingar mot 3600 gram for enkeltfødde.
* Trillingar har ti gonger så stor risiko for å døy innan første leveveke samanlikna med enkeltfødde.
* Medisinsk fødselsregister blei oppretta 1967. Det er eit landsomfattande helseregister over alle fødsler i Noreg. Registeret skal bidra med å avklare årsaker til og konsekvensar av helseproblem i forbinding med svangerskap og fødsel, samt overvake førekomst av medfødde misdanningar.
Kilde: Anne Tandberg/ Folkehelseinstituttet
Publisert
17.03.2010 14:20 |
Endret
06.07.2010 14:50