Tilstand: alvorleg 

"En 58 år gammel mann ble torsdag alvorlig skadd i en kollisjon i Haugsvær i Masfjorden" (ba.no 24.04.08 klokka 16.15). To timar tidlegare førebur Haukeland seg på å ta imot hardt skadd pasient i Akuttmottak.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Foto: Ole Christian Amundsen
 

Det er tidleg ettermiddag ved Haugsvær i Masfjorden kommune. Per Austgulen Wick er på veg med varebilen for å levere gourmetsopp frå garden Austbø i Gulen då det brått kjem eit vogntog i mot.

– Eg hugsar ikkje at bilen skar ut, men eg hugsar at det small – den forferdelege smerta som jog gjennom kroppen i det eg trefte.

"Mannen ble sittende fastklemt en stund. Han pådro seg alvorlige skader, sier operasjonsleder Sven Johannessen i Hordaland politidistrikt til NTB."

– Ved alvorleg skade (traume) eller alvorleg sjukdom varslar koordinator i Akuttmottak traumeteamet, fortel Berit Skjetne, assisterande avdelingssjukepleiar i Akuttmottak og vaktleiar denne dagen. Sidan ulukka har skjedd i Masfjorden og det vil ta meir enn 15 minuttar før pasienten kjem inn, har koordinatoren hatt tid til å varsle kvar enkelt medlem av teamet: Teamleiar, som alltid er den mest erfarne kirurgen, anestesilege, anestesisjukepleiar, radiograf og bioingeniør. 

Desse er alltid til stades når eit traume kjem inn. Dersom det hastar, går alarmen. Då blir alle i teamet calla opp og må møte straks. Kvart medlem har sin funksjon, rollane er drilla på førehand. Alle har gjennomført BEST-kurs (Betre og systematisk traumebehandling).

– Teamleiar er kapteinen. Han står også fritt til å tilkalle fleire dersom han finn det nødvendig, seier Skjetne.

Denne gongen har teamleiar, Henrik Halvorsen, vald å kalle inn thorax-kirurg (spesialist på skader i brystkassen) ortoped og radiolog i tillegg.  Det er på bakgrunn av opplysningane han har fått frå AMK om skadetype. Også Intensiven og Sentraloperasjonen blir varsla, slik at dei er i beredskap.

 
Pasienten har akkurat kome til Akuttmottak, personell frå Luftambulansen orienterer traumeteamet om ulukkesstaden, skadar og behandling som er gitt så langt.

"58-åringen er fraktet med luftambulanse til Haukeland universitetssjukehus." (ba.no)

To sjukepleiarar i Akuttmottak gjer klar skadestova. Samtidig har koordinator kontakt med luftambulansen, som rapporterer om skadeomfang og behandling som blir gitt på staden. Armen er ikkje avriven, men det er snakk om ein open armskade. Armen er sterkt skadd. Det er også snakk om skader i brystkassen. Klokka 15.02 landar Luftambulansen. No er heile traumeteamet på plass i skadestova,  og teamleiar Henriksen går gjennom informasjonen dei har fått frå luftambulansen. Klokka  15.10 blir pasienten trilla inn. Legen frå luftambulansen fortel om ulukkesstad, hastigheit, bruk av bilbelte, airbag, skadar på bilen og kva behandling pasienten har fått – alt som kan hjelpe traumeteamet til å vurdere kva pasienten no treng. 

- Løft han over på benken. Ta av alle belte, klipp genser og bukse. Teamleiar Halvorsen tar kommando, dei andre utfører ordre straks. Rundt benken der pasienten ligg er åtte menneske i arbeid.

– Høyrer du meg? Brukar du nokon form for medisinar, er du allergisk? Halvorsen har fortløpande kontakt med pasienten, som har store smerter. Bryst, nakke, rygg, mage, bekken, alt blir undersøkt. Teamet går gjennom ei fast liste og gjer dei same undersøkingane kvar gong. Som Halvorsen påpeikar i ettertid:

– Når armen skrik er det lett å fokusere på den, men det hjelper lite om armen blir redda dersom lungene er i klem eller magen blør. Vi må sjekke alt. Og så lenge du har kontroll på pust, bryst og mage kan pasienten gå vidare til operasjon.
Det blir tatt røntgen, det blir sett inn kateter og det blir sett inn dren i venstre lunge. Ortopeden sjekkar funksjonen i fingrar, føter og tær. Venstre arm blir foreløpig lappa saman i påvente av operasjon.

Pasienten er gått til CT, teamleiar Henrik Halvorsen avsluttar med journalskriving.

Klokka 15.45 avsluttar teamleiar Halvorsen traumeteamet sitt arbeid. Pasienten skal på CT, etterpå er det operasjon. For traumeteamet er det ein nesten vanleg dag på jobben. For Per Austgulen Wick er det livet i gåve, men også starten på eit langt sjukehusopphald.

 

Utanfor skadestova i Akuttmottak heng vestane som traumeteamet brukar klare: teamleiar, anestesisjukepleiar, anestesilege osv. Kvart medlem i teamet har sin klart definerte rolle.


Publisert 05.05.2009 14:55 | Endret 28.09.2010 15:08 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo