- Framover ser vi eit behov for å styrke grunnleggjande palliasjon ved dei vanlege sjukehusavdelingane. Målet med alt vi gjer, er at den siste levetida skal bli god og meiningsfylt for pasientane og deira pårørande, seier seksjonsoverlege og leiar for KLB Dagny Faksvåg Haugen (bildet).
Sidan 2001 har dei etablert nettverk med ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling (palliasjon) i alle kommunar på Vestlandet. Det er også oppretta ambulant team for lindrande behandling med sjukepleiarar, legar, fysioterapeut, prest og sosionom i kvart av helseføretaka i Helse Vest.
KLB har óg drive eit stort arbeid med undervisning og opplæring, og har mellom anna medverka til eit nytt opplegg for palliativ medisin i medisinstudiet i Bergen.
KLB samarbeider med universitet, høgskolar, helseføretak, kommunar og organisasjonar. Dei siste åra har KLB hatt ei spesiell vektlegging av samhandling og av fastlegane si rolle for pasientar i sluttfasen av livet.
Markerer med seminar
Seminaret går over ein dag, og skal gi fagleg påfyll og inspirasjon for helsepersonell i kommunar og sjukehus som arbeider med lindrande behandling og omsorg ved livets slutt.
Den 18. oktober blir det fagdag i Bergen, deretter følgjer Helse Stavanger 20. oktober, Helse Førde 10. november og Helse Fonna 23. november.
Publisert
18.10.2011 09:00 |
Endret
18.10.2011 12:41