- Men det er dei små stega som tar oss vidare, det er viktig å hugse på, la Arnestad til.
|
Leiar for den nye behandlingstenesta, professor og overlege Leiv Hove,
vert gratulert av klinikkdirektør Lars Oddvar Arnestad. |
Haukeland universitetssjukehus har hatt
landsfunksjon for funksjonsforbetrande kirurgi sidan nyttår. Her får ryggmargsskadde hjelp til å få funksjonen i armar og hender tilbake.
- Det er snakk om svært spesialisert kirurgi til ei lita gruppe pasientar, sa Arnestad.
- Det er behandling som krev høg kompetanse innan fleire fagfelt, og det er ei behandling som krev mykje av pasientane.
Tøft, men verdt det
Ein av pasientane som veit mykje om kva det krev, er Roy Helge Aaberg (biletet).
Påsken 1998 var han med i ein helikopterstyrt. Aaberg brakk nakken og vart lamma frå halsen og ned. Etter ulukka hadde han litt bevegelse i armane, men funksjonane var svært avgrensa. I februar i år hadde han sin fjerde og siste operasjon på Haukeland. Han har fått rekonstruert aktive handgrep og kan blant anna strekkje begge armane.
- Det har vore ein utruleg tøff prosess å gå gjennom, seier han.
- Men det har vore verdt det.
Flyttar på musklar og sener
Kort fortalt dreier tetrakirurgi seg om å operere dei som ved ei ulukke eller skade har brekt nakken og blitt lam frå halsen og ned, det vil seie skadar ved femte eller sjette nakkevirvel. Som regel har dei intakt muskulatur i nakke og skuldrer, men ikkje i hendene.
- Normalt har vi 30-40 musklar i armane. Hos desse pasientane fungerer vanlegvis berre tre til fem, fortel Leiv Magne Hove, professor i ortopedisk kirurgi og overlege ved Ortopedisk avdeling. Hove leier den nye nasjonale behandlingstenesta.
Ved å flytte på musklar og sener, og transplantere sener frå beina, kan pasienten igjen klare å strekkje armen og få gripetak med hendene. Totalt er det snakk om fire operasjonar for begge armane. Operasjonen kan utførast sjølv om skaden er fleire år gamal.
- Ei slik funksjonsforbetring betyr enormt mykje for pasientane – frå å vere totalt pleietrengande kan dei etter operasjon klare mykje sjølv; drikke, ete, halde mobiltelefon, strekkje seg etter ting, køyre bil, seier Hove.
Publisert
03.05.2012 14:25 |
Endret
04.05.2012 14:18