Sykehuset på Haukeland 

Dersom alt går etter planen, blir det sendt 40 program frå Haukeland på TV3 denne hausten. Serien har tittelen "Sykehuset" og skal følgje ulike yrkesgrupper i det daglege arbeidet.
Av Mona Høgli
 

- Eg har stor tru på at dette er ein god anledning til å gi folk eit lite innblikk i korleis kvardagen er på eit sjukehus, seier administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland.

[alternativ tekst]

Han har deltatt på møter med produksjonsselskapet som skal lage serien, og lagt grunnlaget for den dialogen som har vore mellom sjukehuset og produksjonsselskapet.

- Eg må innrømme at eg var skeptisk i utgangspunktet, det er utfordringar i å seie ja til ein så omfattande TV-serie. Men etter å ha fått vite litt meir om det opplegget dei såg for seg og erfaringane frå tidlegare produksjonar, har eg tru på at dette vil bli bra, seier Kvinnsland.

God profilering
I dialogen med produksjonsselskapet har sjukehuset fått gjennomslag for mange idear til ulike problemstillingar sjukehuset ønskjer å få sett søkelyset på. Deltakinga i serien vil såleis kunne vere med på å profilere sjukehuset på nye måtar.

Dette kan bidra til å skape auka forståing i befolkninga rundt dei prioriteringane som må gjerast, og forhåpentlegvis også auka tryggleik i befolkninga. Det kan også ha positive effektar på rekruttering av ulike yrkesgrupper.

Tilsette på Haukeland skal delta
Serien skal produserast av Limelight Film & TV. Dei har tidlegare produsert ein liknande serie frå Akershus universitetssjukehus som vart sendt i 2009. Dersom serien frå Haukeland blir ein realitet, skal den sendast måndag til torsdag i 10 veker. Kvart program varer 42 minutt.
Det er i utgangspunktet tilsette som skal vere hovudpersonane i desse programma.

- I den grad pasientar skal delta i serien, er det laga gode rutinar for å sikre at pasientane skal oppleve det på ein god måte. Sjukehuset har som ein klar føresetnad at arbeidet med serien ikkje skal føre til negative opplevingar for pasientane, seier Kvinnsland.

Direktøren skal orientere om TV-serieplanane i ulike fora, mellom anna i styret 21. april, før prosjektet er endeleg avklart og avtalane underskrivne.

 


Publisert 15.04.2010 22:20 | Endret 21.04.2010 22:23 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo