Vårmånadane var ikkje særleg oppløftande med tanke på økonomisk handlefridom. Drifta av føretaket gjekk med underskot, og tok dermed midlar frå den posten som skal gå til investering i medisinsk utstyr og bygningar.
Men i juni og juli blei noko av dette retta opp, slik at det ved utgangen av juli er om lag 18 millionar kroner i underskot på drifta.
- Eg har tru på at vi skal greie å ta dette inn igjen i løpet av hausten slik at drifta ikkje går ut over investeringane, seier Frøiland.
Alle har bidratt
Då styret i Helse Bergen fekk presentert julirapporten frå verksemda, var det fleire av styremedlemmene som ga ros til det arbeidet som er gjort i føretaket for å halde god styring på økonomien.
Styreleiaren vil gi ros til heile organisasjonen for det arbeidet som er gjort.
- Her har alle bidratt, til beste for alle, ikkje minst pasientane. Og det er godt å sjå at vi no har kontroll på økonomien samstundes som den stramme styringa ikkje har hatt negative konsekvensar for verken ventetider for pasientane eller sjukefråveret når vi ser tal på føretaksnivå, seier Frøiland.
Rapporten frå verksemda viser ein svak oppgang i ventetidene og det er i tråd med den årlege ”sommareffekten”. Sjukefråveret viser ein svak nedgang.
Psykiatrien best
Men det er store forskjellar innan epikrisetidene, det vil seie den tida det tar frå ein pasient har vore til behandling på sjukehuset og til eit samandrag av behandlinga er sendt fastlegen.
Her er det berre psykiatrien som fyller det kravet styresmaktene har sett om at 80 prosent av epikrisane skal vere sendt ut innan 7 dagar.
- Dei andre avdelingane har noko å lære av psykiatrien, seier administrerande direktør Stener Kvinnsland. Innan somatikken er det berre 60 prosent av epikrisane som blir sendt innanfor 7-dagarsfristen.
- Dette er det stor merksemd om hos styresmaktene, og også somatikken må greie å oppfylle krava i løpet av hausten, seier Kvinnsland.
Usikkert
Sjølv om den økonomiske utviklinga har vore god dei siste to månadane, er det mange usikre moment og risikoområde. Lønnskostnadane er under kontroll så langt, men sidan dette er den alle største utgiftsposten, vil det vere nødvendig med kontinuerleg oppfølging av dette.
På inntektssida gjeld usikkerheita særleg ISF-andelen, det vil seie den delen av inntektene som blir utbetalt på bakgrunn av den pasientbehandlinga som blir registrert gjennom DRG-systemet.
- Vi skjønner ikkje heilt dette sidan aktiviteten er berre marginalt lågare enn planane mens inntektene er langt lågare. Hittil i år har vi fått om lag 28 millionar kroner mindre enn budsjettert. Dette er noko vi vil analysere og følgje opp, seier Kvinnsland.
Også omstillingane innan rus og psykiatri, energikostnadane og konsekvensane av innføring av nytt elektronisk pasientjournalsystem er risikoområde som blir følgd nøye opp ut over hausten.
Publisert
27.08.2010 12:15 |
Endret
23.02.2011 08:31