Varabrannsjef Karl Otto Nesdal og brannleiar Atle Åstveit startar brannøvinga.
Torsdag ettermiddag blei det satt i scene brannøving på Haukeland universitetssjukehus i samarbeid med Bergen brannvesen. Ei så stor øving utfordrar både brannvesen, Hospitaldrift Sikkerhet, dei tilsette og huseigar, seier brannvernleiar Atle Åstveit. No får vi sjå om brannberedskapen er så god som vi ønskjer, fortsetter han.
Veit ikkje at det er øving
Alarmen om brann i ein trykktank går utan at Hospitaldrift Sikkerhet og mannskapet i Bergen brannvesen veit at det er øving. Når dei kjem til brannstaden, blir dei møtt av brannvernleiar utanfor den røykfylte gangen.
-Hospitaldrift Sikkerhet har ei sentral rolle ved brann. Vi vil sjå kor raskt dei kjem til staden og kva dei gjer, seier Åstveit.
Varabrannssjef Karl Otto Nesdal står ved sidan av og lyttar til meldingane som går over sambandet. Han ventar på brannfolka for å sjå dei i aksjon. Nesdal kjem rett frå ei stor brannutrykking i Bergen sentrum kor mange av brannfolka deltok.
Kjem brannbilane seg fram?
Oppe på taket står ein mann frå Teknisk avdeling med kamera og filmar utrykkinga. Opptaka skal brukast til evaluering av øvinga. Åstveit og Nesdal ser seg rundt og er einige i at her er det mange utfordringar for brannbilane. Ein veg er sperra av ei stor gravemaskin og på andre sida av bygget er vegen stengd av ein låst bom. Ettermiddagstrafikken er tett nede på vegen.
Det er trangt om plassen, men brannbilane kjem seg fram.
Røykdykkar finn pasienten
Personale frå Hyperbarmedisin har kome seg ut i frisk luft i god tid før brannvesenet kjem. Innsatsleiar er nøgd med at dei til og med har tatt med seg øvingsdokka, som vart dekomprimert ut frå trykkammeret på berre eitt minutt og tjue sekund. Røykdykkarane er på veg. Ole Budal melder seg frivillig som pasient og spring inn att på Hyperbarmedisin for å bli leita opp av røykdykkarane.
Første brannbil er framme og tar fatt på utrulling av brannslangar. Etter kvart kjem røykdykkarar både frå Sandviken og Fana. Masker blir tredd på og dei startar søket gjennom kjellaren på Gamle medisin B. "Pasienten" blir snart funne i god form. Etter ein time kan røykdykkarane trekke seg ut og aksjonen er ferdig.
Røykdykkar på søk
Tar lærdom av kvar øving
- Vi er tilfredse med det vi har sett på øvinga i dag, seier varabrannsjef Nesdal – Men ved kvar øving er det noko å lære for alle involverte, presiserer han.
- Haukeland har i fleire år hatt fokus på brann og våre tilsette er generelt sett godt førebudd på brann. Det er viktig at vi får testa samsvar mellom teori og praksis. Mange avdelingar har gjennomført varsla øvingar og er no blitt godt drilla. Det er på tide å heve ambisjonsnivået med fleire "ikkje varsla øvingar", seier Åstveit.
Sjå alle bileta frå brannøvinga
Publisert
19.02.2010 20:45 |
Endret
08.06.2010 17:34