Stor tiltru til eigen arbeidsplass 

85 prosent av dei tilsette i Helse Bergen seier at dei ville følt seg trygge om dei var pasient på eiga avdeling. Det viser kartlegginga av pasientsikkerheitskultur som vart gjennomført før påske.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

- Det er vi godt fornøgde med, seier kvalitetssjef og leiar for oppfølginga av Pasienttryggleikskampanjen «I trygge hender» i Helse Bergen, Stig Harthug.

Forbetringspotensiale
Det er gjennomgåande gode resultat i Pasientsikkerheitskulturmålinga. I snitt er skåren over 60 prosent på alle dei 16 spørsmåla om tryggleikskultur som vart stilt.  Skåren går frå 0 til 100, der 100 er best.
For eksempel er det høg skår både på spørsmålet om det er lett å spørje om hjelp når ein lurer på noko, og at ein får den støtta ein treng frå andre sjukehus tilsette for å ta seg av pasientane sine.

Sjå alle resultata her

- Tala viser at vi alt jobbar godt med pasientsikkerheit, seier Harthug.



Tre hovudtema: Spørsmåla i kartlegginga femna tre hovudtema:  Teamarbeidsklima, Leiingsklima og Sikkerheitsklima. 

Samstundes ser kvalitetssjefen at vi har forbetringspotensiale.
Han viser blant anna til trua på at sjukehusleiinga aldri gjer noko som dei veit kan gå ut over pasientsikkerheita. Det spørsmålet kjem dårlegast ut i undersøkinga, med ein skår på 60.

- Dette handlar først og fremst om kommunikasjon, trur Harthug.

- Sjukehusleiinga har fokus på pasientsikkerheit, men det blir ikkje kommunisert godt nok ut i sjukehuset.

Administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland, er samd.

- Vi har ei utfordring når det gjeld å formidle det sterke fokuset vi har på pasientsikkerheit, seier han.

- Det er heilt grunnleggjande at pasientane skal føle seg trygge når dei er hos oss, og dette ligg i botnen for alt vi gjer. Men det er kanskje ikkje så synleg ute i organisasjonen som det bør vere.

Kvinnsland er elles godt fornøgd med resultata i kulturmålinga,  ikkje minst er han glad for den høge svarprosenten, 73,6.

- Talmaterialet viser oss kor vi har utfordringar, og på kva område vi gjer det bra. Med så høg svarprosent har vi eit svært godt utgangspunkt for å jobbe vidare med pasientsikkerheit i sjukehuset.

Avdelingane må følgje opp
Dei siste vekene har resultata frå målinga blitt presentert og gjennomgått på alle avdelingar. No skal kartlegginga følgjast opp.

- Vi kan ikkje kvile på laurbæra, seier Harthug.

- Kvalitetsarbeid er ein kontinuerleg forbetringsprosess, og no må avdelingane sjølve jobbe vidare med det som kom fram i undersøkinga. Alle avdelingar kan bli betre på dette området, sjølv om mange alt skårar høgt.

Pasientsikkerhetskampanjen sine nettsider har fleire forslag til metodar som kan vere til hjelp.
Dessutan er det registrert fleire hundre tiltak som handlar om å forbetre pasientsikkerheiten i Helse Bergen sitt strategiarbeid.

- Målinga er eit godt utgangspunkt for diskusjonar rundt pasienttryggleik på avdelingane, understrekar Harthug.


Publisert 21.06.2012 13:15 | Endret 21.06.2012 13:50 

 Pasientsikkerhetskultur:

«De verdier, holdninger, oppfatninger, kompetanse og adferdsmønstre som får betydning for hvordan sikkerhet prioriteres i pasientbehandlingen»

 Om kartlegginga:

  • I undersøkinga svarar 5158 tilsette på 16 spørsmål om tryggleikskultur.
  • Svara er rangerte på ein skala frå 0 til 100 der 100 er best.
  • Svaralternativa gjekk frå heilt einig til heilt ueinig i fem trinn.
  • Undersøkinga er gjennomført ved alle sjukehusa i Helse Vest, inkludert private sjukehus som har avtale med Helse Vest.
  • Dette er første gong ei slik kulturmåling har blitt gjennomført .  Dei nasjonale tala blir presenterte i september.
  • Ei ny nasjonal kulturmåling vil bli gjennomført i 2014.

 Meir om Pasientsikkerhetskulturmålinga

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo