I haust tek Haukeland universitetssjukehus for første gong imot TAF-lærlingar. Før dei begynner på læretida skal dei gjennom hjarte- lungeredningskurs.
Ivrige elevar
- Har du gitt munn til munn før? Kor hardt skal vi blåse? Kan vi bruke så lang tid? Skal eg komprimere sjølv om ho bles? Er det annleis på barn?
Spørsmåla haglar mot anestesisjukepleiar Marthe Alsaker Fjeldstad, som held kurset i Ferdigheitssenteret sine lokale i Sentralblokka.
- Flott at de spør så mykje. Vi skal trene grundig på dette, så eg skal både vise og svare dykk på alle spørsmål, seier Fjeldstad.
Treffande hugseregel
Og ikkje lenge etter kjem enda eit spørsmål frå dei lærevillige.
- Kor raskt skal vi komprimere?
- Kan de songen Stayin’ alive?, smiler Fjeldstad lurt.
Lærlingane nikker medan dei begynner å synge songen i kor. Fjeldstad demonstrerer.
- Ein skal komprimere 100 gangar i minuttet. Og Stayin’ alive har takten som tilseier det. Den har både takten og teksten, ler ho, sjølv om ho meinar ramme alvor.
Nye utfordringar
- Det er fjerde gongen eg har HLR-kurs, men første gongen eg har fått øve på det praktiske. Etter i dag veit eg at eg kjem til å hugse kva eg skal gjere i ein nødsituasjon, seier Anja Håvik, som skal tilbringe dei neste ni månadene som lærling på Barneklinikken saman med Lene Solheim.
- Til no har vi berre jobba med eldre menneske, så vi gler oss til å jobbe med barn, seier dei to samstemt.
- Men vi håpar at vi slepp å få bruk for denne kunnskapen der, påpeikar dei to før dei nynnar vidare på Stayin’ alive og går tilbake for å lære meir om å redde liv.
Publisert
17.09.2010 14:10 |
Endret
17.09.2010 14:22