Statusrapport streiken 

Føretaksleiinga vurderer at første dag av streiken ikkje vil medføre fare for liv og helse. Situasjonen blir vurdert fortløpande.
 

Helse Bergen har mottatt streikevarsel 142 arbeidstakarar fordelt på 161 tilsetjingsforhold.

Føretaket har 26. mai bedt om dispensasjon for 41 arbeidstakarar. Av disse er enkelte innvilga, men berre for datoen 27. mai.

Streiken vil ha konsekvensar for pasientbehandling, og vil på generelt grunnlag føre til lågare aktivitet, noko som vil gi auke i ventetider. Når føretaket har latt vere å søke dispensasjon for 101 arbeidstakarar, regner vi den reduksjonen i aktivitet likevel som forsvarlig slik vi vurderer det i dag.

Når det gjeld dei funksjonane som blir dekt av dei 41 arbeidstakarane vi ikkje har dispensasjon for, vurderer vi at situasjonen er forsvarleg første døgnet av streiken. Vi er først og fremst oppmerksam på den generelle beredskapssituasjonen i føretaket og situasjonen for kreftpasientar og andre alvorleg sjuke.

Situasjonen vil kontinuerleg bli overvaka for å fange opp eventuelle andre konsekvensar enn dei vi så langt kan sjå.

 

 


Publisert 27.05.2010 21:20 | Endret 01.06.2010 21:22 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo