Statsministeren opnar rusakutten 

Helse Bergen og Bergen kommune opnar fredag den nye akuttposten for rusmiddelavhengige ved Bergen legevakt.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
Statsminister Jens Stoltenberg  
Statsminister Jens Stoltenberg opnar Rusakutten i Bergen fredag 29. oktober klokka 13.00.

Statsminister Jens Stoltenberg vil stå for den offisielle opninga, saman med administrerande direktør i Helse Bergen, Stener Kvinnsland og byråd for helse og inkludering, Christine Meyer.

Også helse- og omsorgsminister Anne Grethe Strøm Erichsen vil vere til stades under opninga.

Rusakutten opnar fredag 29. oktober klokka 13.00 på Bergen legevakt i Vestre Strømkaien 19 (inngang frå ambulansetunnelen).

Rusakutten er en korttids sengepost med 10 senger, der pasientane kan opphalde seg i inntil 48 timar. Seks av sengene er øyremerka ruspasientar. Akuttposten vil ivareta akutt medisinsk undersøking, akutt avrusing og kortare avgiftingsforløp. Dei fire andre sengene skal brukast til avklaring av ulike andre hovudtilstandar innan både somatikk og psykiatri.

Dei siste åra har det vore ein sterk auke i talet på innleggingar i spesialisthelsetenesta der rus er eit hovudproblem. Auken gjeld både innan psykisk helsevern og i somatisk helseteneste. Helse Bergen tar imot seks til 10 slike pasientar kvart døgn.


Publisert 28.10.2010 12:50 | Endret 28.10.2010 20:22 

 Publisert av eining

 Relaterte artiklar

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo