Statleg støtte til ti kommunale prosjekt i lindrande behandling i Helseregion Vest 

Helsedirektoratet har nå gitt tilskot til kompetansehevande tiltak for lindrande behandling i kommunehelsetenesta. Fem nye prosjekt i Helseregion Vest har fått støtte, og fem prosjekt har fått støtte til vidareføring. Fleire av prosjekta er interkommunale.
 

Desse kommunane i Helseregion Vest har fått statlege middel til nye, palliative prosjekt i 2011: Askøy, Flora, Fusa, Haugesund og Radøy. Prosjekta i Askøy og Radøy er interkommunale.

Desse kommunane har fått statlege middel til vidareføring av prosjekt: Askøy, Bergen, Hjelmeland, Kvinnherad og Stavanger. Prosjekta i Bergen og Stavanger er interkommunale.

I alt er det løyvd 4 millionar over statsbudsjettet 2011 og 1,2 millionar overført frå 2010 til dei ti prosjekta.


Publisert 03.08.2011 09:40 | Endret 03.08.2011 10:13 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo