Starten på eit betre liv 

- Dette tilbodet kan gi menneske i akutt krise hjelp og omsorg, sa statsminister Jens Stoltenberg då han opna rusakutten ved Bergen legevakt fredag.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 


Helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm-Erichsen og statsminister Jens Stoltenberg får omvisning i den nye rusakutten i Bergen.

Rusakutten er eit samarbeid mellom Helse Bergen og Bergen kommune. Dei siste åra har det vore registrert ein auke i overdosar og rusrelaterte innleggingar i spesialisthelsetenesta. Helse Bergen tar imot mellom seks og 10 pasientar kvar dag der rus er eit hovudproblem. Akuttposten ved Bergen legevakt er ein korttids sengepost med 10 senger, der pasientane kan opphalde seg i inntil 48 timar.


Bileteserie frå Flickr

Brutalt
- Få andre sosiale problem er meir brutale enn rus, sa Stoltenberg i sin tale under opninga.

Han lista opp tre hovudgrunnar til at han var glad for å vere i Bergen og opne den nye rusakutten.

- For det første fordi dette er ei viktig og vanskeleg oppgåve, og vi veit ikkje nok om kva som hjelper. Då er det desto viktigare med nokre eksempel som vi ser verkar.

For det andre nemnte statsministeren at rusakutten er eit eksempel på oppfølging av regjeringa sin rushandlingsplan.

- Sist, men ikkje minst, er dette eit eksempel på noko vi vil ha mykje meir av, nemleg samhandling.

Statsministeren ser rusakutten som eit viktig første steg i eit behandlingsforløp som kan hjelpe rusmiddelavhengige til eit betre liv. Han nytta anledninga til å takke alle som har gjort ein kjempeflott innsats for å få rusakutten på beina.

8,25 millionar
Helse- og omsorgsdepartementet løyvde i fjor 8,25 millionar kroner til etablering av ein rusakutt ved Bergen legevakt.
Seks av sengene er øyremerka ruspasientar, mens fire senger skal brukast til observasjon og behandling av andre pasientgrupper enn ruspasientar (innan psykiatri og somatikk).

Akuttposten vil ivareta akutt medisinsk undersøking og skal sikre akutt avrusing og kortare avgiftingsforløp. Det vil også bli gjort enkelte psykiatriske vurderingar.

I forlenginga av rusakutten planlegg Helse Bergen å etablere ein stabiliseringspost med 12 senger. Stabiliseringsposten skal ivareta pasientar som ønskjer behandling for rusproblema sine etter ein akutt episode.

- Eg har hatt dårleg samvit for at vi ikkje i stor nok grad har tenkt prioritering av desse pasientane, sa administrerande direktør Stener Kvinnsland i sin opningstale.
- Men det gjer vi noko med no, og vi er innstilte på å halde fram den målretta jobbinga.

Helse- og omsorgsminister Anne- Grete Strøm-Erichsen var oppteken av at det no blir eit godt tilbod til ei pasientgruppe som tidlegare har vore stemoderleg behandla.

- Rusakutten kan vere starten til eit betre liv, og eit verdig liv, og det er det vi ønskjer for alle, sa ho.


Publisert 29.10.2010 16:25 | Endret 29.10.2010 19:53 

 Publisert av eining

 Relaterte artiklar

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo