Spring for lærlingplass 

Kravet for å bli ambulansearbeidar er meir enn gode karakterar. Både 3000 meter, styrkeøvingar, intervju og bårebering står på programmet under opptaksprøven.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

– Veldig bra! Kva var etternamnet ditt?

Ambulansearbeidar Vidar Skiftesvik klokkar inn Thomas Østvik (23) på 13.30 ved luftambulansebasen på Grønneviksøren. Østvik har akkurat tilbakelagt 3000 meter langs Store Lungegårdsvannet, og er raskast i si gruppe.

Oppvarming før 3000 meteren. Maj Britt Riise Augestad (frå venstre), Dan Ketil Aldal, Thomas Østvik og Christine Wilhelmsen i fint driv.

– Det var ei anstendig tid, det, kommenterer Skiftesvik.
Kravet for å få maks poengskår for gutane, er under 16 minutt.

 
Etter springinga er det styrkeøvingar. Thomas Østvik gjer ryggøving under oppsyn av Vidar Skiftesvik.

– Skulane gjer elevane merksame på at opptaksprøvane til ambulansefaget også består av fysiske testar, og vi merkar at mange trenar gjennom skuletida. Mange er i veldig god form når dei kjem til opptak, seier Skiftesvik.

Stadig fleire søkarar
Vi skriv mai 2009, og det er tid for Haukeland universitetssjukehus sitt årlege opptak av nye lærlingar til ambulansefaget. 48 søknader kom inn ved siste utlysing.

– Dei fleste var godt kvalifisert, fortel områdeleiar Vest, Dag Arne Farestveit.

– No har vi plukka ut 26 søkarar til opptaksprøvar og intervju. Av desse igjen plukkar vi ut 14 som får lærlingplass.

Maj Britt Riise Augestad tar knebøy med 60 kg vekter på nakken. Christine Wilhelmsen følgjer spent med.

I følgje Farestveit og lærlingansvarleg John Kenneth Nilsen er det stadig fleire som tar utdanning for å kome inn i ambulansefaget.

– Det er nærast eit luksusproblem, konstaterer dei.

For Thomas Østvik er ønsket om å vere ambulansearbeidar ein kombinasjon av to interesser.

– Eg er interessert i medisin og eg likar å møte nye menneske, seier han.

Toårig læretid
For å bli lærling må ein ha VK1 Grunnkurs Helse & Sosial og VK2 Ambulansefag. Læretida er to år, og den er todelt.

– Det er ein opplæringsdel og ein verdiskapingsdel. Første året er lærlingane tredjemann på ein ambulanse, og får tett oppfølging av ein vegleiar. Før andre året må dei bestå ein kompetanseprøve, forklarar Nilsen.

– Andre året er lærlingane meir og meir nummer to på bilen, og blir gradvis meir sjølvstendige.

Lærlingsansvarleg Nilsen og
områdeleiar Farestveit
gjennomfører intervjua.

Når det gjeld opptaksprøvane, veg intervjuet tyngst.

– Dei fysiske testane er avgjerande faktor om vi må vege kandidatane opp mot kvarandre, seier Nilsen.

I tillegg må alle bestå båreberinga, som er ein distanse på 200 meter med ein pasient på 80 kg. Her skal kandidatane vise kunnskap om samarbeid og ein løfteteknikk som er mest muleg behageleg for pasienten.


Publisert 19.05.2009 09:30 | Endret 27.09.2010 09:43 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo