Sol, sommar og ope HUS 

Eit vandrande skjelett, ein majestetisk hest, to sprudlande klovnar. Mikroskop, økonomi-quiz,  DNA-seigmenn.  Og blide menneske så langt sola rakk. Open dag på Haukeland hadde litt av alt.
Av Ragnhild Dårflot Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

Kom du inn i sjukehusparken frå vest søndag, var blodbussen og ein stor menneskemengde det første du såg. I det du var på høgde med Administrasjonsbygget, fanga seks forlatte trommer merksemda på plenen til venstre. Det same har tre glade jenter på veg mot Open dag oppdaga. På høgre side passerer ein taxi-truck med to svært fornøgde passasjerar. Dei veit ingenting om at trucken snart er tom for batteri, etter tallause rundar på sjukehusområdet alt før klokka eitt.

Vel framme ved blodbussen er det ikkje den raude kolossen som fangar blikket. Det gjer derimot det blide skjelettet som kjem vandrande mot deg. Skjelettet viser seg å vere ingen ringare enn avdelingssjefen for Fysioterapiavdelinga, Else Sterndorff.
- På førehand hadde vi snakka om korleis vi kunne dra folk til standen vår, fortel ho.
- Kollega Elisabeth hadde denne skjelettdrakta, som vi syntest var ein god idè.

Men det viste seg at ingen hadde spesielt lyst til å gå med drakta.
- Så her står eg, ler avdelingssjefen.

Fysioterapiavdelinga kunne elles by på både aktivitetsløype for barn og testing av handstyrke, blant mange andre aktivitetar.

Like ved står jordmor Sissel Thunes og frontar Kvinneklinikken, med to små «babyar» i ei seng. Ho har fått besøk av Selma på 13. månader og bestemor Tordis, som jobbar på Nevrologen.
- Ho er nok mest opptatt av flagget, ler bestemor, og nikkar mot barnebarnet som alt har mista interessa for dokkene.

Nokon som klarte å halde på barna si interesse gjennom dagen, var sjukehusklovnane. Og taxitrucken. Og folkehesten Loke. Og bygging av DNA-trådar med seigmenn. For å nemne litt av alt som skjedde søndag. For dei vaksne var det spennande aktivitetar på alle dei over 20 stasjonane, og stemningsfulle konsertar på scena nedom Hudbygget når beina trengte kvile.

Ut frå stemninga å døme, treng det ikkje bli siste gong HUS inviterer til Open dag.


Publisert 10.06.2012 22:20 | Endret 10.06.2012 23:54 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo