Meisterskapen gjeld bedriftsidrettslag tilknytt helsevesenet.
|
| Når 60 utøvarar reiser på meisterskap, er det alltid heiagjeng på tribunen! |
- Det sosiale er det viktigaste målet med turen, men kvar gong vi tar på oss draktene er det for å vinne, smiler styreleiar i HSI, Rune Haagensen.
Både herrelaget i fotball og ein av golf-spelarane tok gull for to år sidan, og er klare til å kjempe om tittelen på ny. Innebandylaga har trent mykje og målretta sidan sist, og Haagensen reknar med medaljar både for herre- og damelaget. Han har òg tru på dei nye volleyballaga som deltek, som for det meste består av medisinstudentar.
- Dei er både sjølvsikre og dyktige, og har sjølve sagt at dei går for gull, fortel han.
Forutan fotball, golf, volleyball og innebandy, stiller HSI med deltakarar i bowling, boules og terrengløp. Troppen har aldri før vore så stor.
- Tidlegare styreleiar Jorunn Martinussen, som gjekk bort tidlegare i vår, bad oss prioritere NM og Nordisk meisterskap. Ho sa òg at vi måtte hugse at HSI ikkje var nokon bank, seier Haagensen.
- Vi skulle bruke pengane vi hadde til beste for medlemmane.
Som ein følgje av denne filosofien freistar idrettslaget å stimulere til høgst mogleg deltaking i meisterskap ved å dekke alle utgifter knytt til både dei sosiale og dei sportslege sidene av arrangementet, i tillegg til å gi reisestøtte.
Og det sosiale er viktig, sjølv om altså vinnarinstinktet slår inn når draktene kjem på.
- Meisterskapa er ein arena for å bli betre kjend med kollegaer på tvers av yrkesgrupper, og på tvers av sjukehus, understrekar Haagensen.
- Særskilt kjekt er det at vi i år får med så mange studentar. Det er bra både for rekruttering til idrettslaget, og for danning av nye nettverk.
Til neste år får endå fleire av dei om lag 1600 medlemmene i HSI sjansen til å bli betre kjende med både eigne og utanbys kollegaer. Då arrangerer Haukeland Sykehus Idrettslag Norsk meisterskap for bedriftsidrettslag tilknytt helsevesenet – og det blir sjølvsagt i Bergen.
Publisert
08.06.2012 10:00 |
Endret
08.06.2012 10:17