|
| Foto: Colourbox |
- Opplæring av korleis ein best kan leve med kronisk sjukdom, er like viktig som den medisinske behandlinga, meiner Gro Beate Samdal, leiar på Lærings- og meistringssenteret (LMS) i Bergen.
Møteplass
Samdal seier at helsetenesta har stort fokus på diagnostisering og behandling, men litt for lite fokus på å formidle kunnskap om korleis ein kan meistre utfordringane i dagleglivet når ein har fått ein sjukdom.
- Kven kan eg prate med som forstår kva eg meiner? Kor kan eg gå for å snakke med nokon i same situasjon? Finnes det hjelp? Kva er riktig kosthald? Korleis takle symptoma? Dette er berre nokre få døme på kva eit opplæringstilbod kan gje svar på, seier ho, og legg til at;
- Pasientar skal sleppe å leite etter opplæringstilbod om sjukdommen sin. Det same gjeld dei pårørande og legane som følgjer opp pasienten. Lærings og meistringssenteret (LMS) i Bergen skal vere ein møteplass og den eine staden du treng å sjekke for å få oversikt over opplæringstilboda.
Store og små grupper
Per i dag har LMS Bergen samarbeid med 21 kliniske avdelingar på Haukeland universitetssjukehus og Haraldsplass diakonale sjukehus.
- Saman med fagfolk og brukarorganisasjonar er det utvikla 64 diagnosetilbod. Desse kan gje hjelp til meistring innan alt frå store pasientgrupper som diabetes, KOLS, hjerneslag – til små grupper med pasientar som har sjeldne diagnosar som binyrebarksvikt, eller svulst på balansenerven, fortel Samdal.
Erfaringskunnskap
Felles for alle kurstilbod er at deltakar og pårørande får rettleiing frå lege, sjukepleiar, fysioterapeut, sosionom og/eller ernæringsfysiolog.
- Dessutan kjem brukarorganisasjonane med erfaringskunnskap, nyttig informasjon og råd undervegs. Slik kan pasientar som nyleg har fått diagnosen, opparbeide seg fleire år med erfaring om sjukdommen deira, seier Samdal.
Tilbod til alle
Framleis er det mange som manglar eit opplæringstilbod på sjukehuset.
- Om du er pasient, pårørande eller helsepersonell som arbeiderfor brukarorganisasjonar som ikkje har opplæringstilbod, kan du ta kontakt med oss. Målet vårt er å ha eit tilbod til alle som ønskjer det!, understreker Samdal.
Publisert
14.09.2010 13:15 |
Endret
29.10.2010 12:53