– Vi er ikkje ute etter å avsløre misbrukarane av alkohol ved gjennomføringa av denne undersøkinga. Vi ønskjer å avdekke livsstilsforhold – kost, fysisk aktivitet, røyke- og alkoholvanar – som kan ha noko å seie for behandlinga av pasienten, fortel overlege Svein Skjøtskift ved Avdeling for rusmedisin.
Helsedøgnet 2009 involverer alle avdelingar og poliklinikkar i somatikken. Kartlegginga blir gjennomført 16. april 2009.
Auka risiko for komplikasjonar
– Når vi veit at komplikasjonar ved eit kirurgisk inngrep aukar dramatisk dersom pasienten drikk over ein viss mengde alkohol eller røyker dagleg før ein operasjon, meiner vi det er viktig at pasienten får denne informasjonen frå oss.
På den måten kan han eller ho gjere eit val, og påverke utfallet av behandlinga pasienten får på sjukehuset, seier fagutviklingssjukepleiar Jan Tore Daltveit ved Avdeling for rusmedisin.
Resultata frå Helsedøgnet vil vera klare i mai, og blir gjort tilgjengelig slik at dei ulike avdelingane og poliklinikkane på Haukeland kan sjå korleis deira pasientgruppe ligg i forhold til livsstil. Denne informasjonen kan ein dermed dra nytte av rimeleg raskt.
Viktige spørsmål
– For at sjukehuset skal kunne gi optimal behandling, må vi vite mest muleg om pasientane. Det er derfor vi gjennomfører denne kartlegginga. Vi veit at spørsmål om livsstil kan vera vanskeleg å stille pasientane, men når helsetilstanden og livsstilen til pasientane er knytt til behandlinga ein får på sjukehuset, er det viktig at ein stiller desse spørsmåla.
Då kan vi gi nøytral og sakleg informasjon om kva vi kan gjere og kva pasientane sjølv kan gjere for at behandlinga her skal bli så god som muleg, seier rådgjevar og forskingskoordinator Arild Opheim ved Avdeling for rusmedisin.
Helsedøgnet kan altså gi kvar einskild avdeling ein muligheit til å gi enda betre og meir spesifikk informasjon om kva dei ulike pasientane kan gjere sjølve, både før og under behandlinga, for å bli fortare frisk. I dag får pasientane informasjon om at det er risiko ved ulike type behandlingar, men dei får i mindre grad vite at risikoen aukar dersom dei fører ein livsstil som kan påverke behandlinga negativt.
Kartlegg dine pasientar
– Dette ønskjer vi å gjøre noko med, og no får avdelingane mulegheita til å kartlegge livsstilen hos sine pasientar ved å spørje dei om kost, aktivitet, alkohol- og røykevanar. Vi ønskjer å spørje alle fordi ein ikkje nødvendigvis kan sjå på folk om dei trenar litt for lite, røyker dagleg, har eit dårleg kosthald eller om dei drikk litt for mykje alkohol i forhold til det som er gunstig for behandlinga. Det er berre rett og rimeleg at pasientane får vite kva dei kan eller må endre på for at behandlinga dei får på sjukehuset skal bli best muleg, seier Daltveit.
Publisert
08.04.2009 13:05 |
Endret
17.02.2011 12:04