Sjekk adressa til ditt legekontor 

Arbeidet med Meldingsløftet er avhengig av at legekontora står med rett adresse i Norsk helsenett adresseregisteret(NHN adresseregister). Erfaringane så langt er at mange av legekontora ikkje har oppdatert informasjon i NHN- adresseregisteret
 
NHN adresseregister er eit verktøy for presis adressering av elektroniske meldingar i helsenettet.
Rådgjevar og prosjektleiear i Meldingsløftet Silje Ljosland Bakke fortel at dei har svært god nytte av NHN adresseregister for å få informasjon og rett adresse til dei ulike legekontora. Dette er spesielt viktig i prosessen som no går føre seg der fleire legekontor skal implementerast elektronisk i Meldingsløftet. Ein ber difor alle legekontor kontrollere at informasjonen som ligg ute er oppdatert.
 
- Det er verdt å merke seg at og vikarar óg turnuskandidatar er viktige for oss og at det er mogleg å setje dei inn med start- og sluttdato slik at dei blir aktivert automatisk når dei byrjar og blir deaktivert når dei sluttar påpeikar Silje Ljosland Bakke.

Publisert 06.12.2010 14:15 | Endret 06.01.2011 13:18 

 Brukarrettleiing

Tilgang til Adresseregisteret krev at maskina du sit på er tilknytta helsenett. Er du i
helsenett, start nettlesaren på di maskin, naviger til https://adresseregister.nhn.no

Sjå brukarrettleiing
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo