130 smell har det blitt siste året: Ei lita salve fekk avslutte det store spreningsarbeidet i tomta.
Den største og mest omfattande delen av grunnarbeidet nærmar seg no slutten.
– Vi er svært nøgd med entrepenøren som har gjennomført denne store jobben heilt utan skadar på personar eller bygningar, seier prosjektleiar Lars-Petter Smidt på Prosjektkontoret. I dag vanka det kake til heile anleggsgjengen for å feire milepælen.
Omfattande grunnarbeid er gjort her bakerst på sjukehusområdet
110 000 kubikkmeter fjell er tatt ut som tilsvarar 10 000 lastebillass. Opp til 40 meter loddrett har gravemaskiner og boreriggar spist seg nedover i grunnen bak Barneklinikken.
Totalt 130 salver er fyrt av i løpet av det siste året og 70 tonn sprengstoff har gått med. Den største salva var på 2600 kubikkmeter og til den vart det brukt 1350 kg sprengstoff.
Betongarbeid neste
I løpet av mai skal Drange Maskin AS rigge seg ut av tomten og neste entrepenør, LAB startar med omfattande betongarbeid. Trappetårn og heishus er noko av det første som skal på plass.
Frå rivinga av psykiatrisk kilnikk i juni 2011 - Foto: Else Napsøy
Publisert
20.04.2012 12:50 |
Endret
20.04.2012 13:49