Siste purring på spørjeskjema frå Sløvåg 

Siste brev med oppmoding om å svare går ut i postkassane denne veka til alle som enno ikkje har returnert spørjeskjema til Yrkesmedisinsk avdeling. Svarprosenten var 74% på ei tilsvarande undersøking i 2008.
 

I 2008 var tendensen at dei som budde nært eller var arbeidarar i Sløvåg hadde høgare førekomst av symptom enn dei som budde lengre unna.

Alle som deltok i helseundersøkinga etter eksplosjonen ved Vest Tank i Sløvåg den gongen fekk i fjor haust eit nytt spørjeskjema frå Yrkesmedisinsk avdeling. Svara frå denne undersøkinga skal danna grunnlaget for ei planlagt helseundersøking i 2012.

- Svarprosenten ved denne oppfølginga viser seg å vera særleg lav frå tilsette ved bedrifter i Sløvågområdet, som sannsynlegvis har vore mest utsett for mulig påverknad frå sjølve eksplosjonen, seier prosjektleiar Bjørg Eli Hollund ved Yrkesmedisinsk avdeling.

- For at vi skal kunna gje nokon konklusjon om korleis det går med folk som kan ha vorte påverka av ulukka er vi framleis avhengige av at fleire tek seg tid til å svare.  Dette er like viktig for dei som framleis har mulige plager etter ulukka som for dei som no føler seg friske, seier Hollund.

 


Publisert 25.01.2011 15:05 | Endret 25.01.2011 15:15 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo