Rosa fest i Foajeen 

Haukeland universitetssjukehus, saman med Kreftforeningen og Foreininga for brystkreftopererte, ønskjer alle velkomen til fest for å markere Rosa sløyfe-aksjonen torsdag ettermiddag.
Av Camilla Crone Leinebø, Haukeland universitetssjukehus
 

- Kjøkkenet stiller opp med rosa muffins og kaffe, som du kan nyte medan du let deg underhalde av Arme riddere og Helge Jordal, fortel Atle Halvorsen, kulturbryggar på Haukeland.

Det vil også vere muleg å kjøpe rosa sløyfe-produkt, der inntektene går til brystkreftsaka.

- Vi håper at mange tek turen innom. Hjarteleg velkomen til ein kjekk markering av ein viktig sak, seier Halvorsen.

TID: 7. oktober, kl. 17.00
STED: Foajeen i Sentralblokken, Haukeland universitetssjukehus.



Publisert 06.10.2010 10:45 | Endret 11.10.2010 11:48 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo