|
| Kristian Haukeland og Trude Ravnan synes dei har ein meiningsfull jobb som psykiatriske sjukepleiarar på Haukeland universitetssjukehus. |
- Du må like å snakke og vere saman med andre menneske, seier Trude Ravnan og Kristian Haukeland, begge psykiatriske sjukepleiarar på Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) ved Psykiatrisk divisjon på Haukeland universitetssjukehus
- Altfor mange trur at det å vere psykisk sjuk eller å ha psykiske problem er det same som å det å vere gal. Det er ein myte! I denne jobben møter du alle type menneske, alt frå unge vaksne til eldre, både kvinner og menn. Det dei alle har til felles er at dei på eitt eller fleire tidspunkt treng hjelp til å meistre kvardagen. Det er der vi kjem inn, fortel Trude.
Ambulerande akutt-team
Trude og Kristian jobbar i eit ambulerande akutt-team tilknytt poliklinikken på Bjørgvin DPS.
- Vi er ambulerande i den form at vi gjerne reiser heim til pasientar og treff dei der i staden for at dei må komme hit. Vi er fleksible og snur oss rundt viss nokon treng akutt hjelp, seier Kristian.
Ambulerande akutt-team er eit tilbod til pasientar i ein mellomperiode av behandlinga. Til dømes før behandling på dageining eller i poliklinikk, eller etter ein utskriving frå døgneining.
- Mange er så sjuke at det å gå ut av døra er vanskeleg. Nokon er sterkt deprimerte, medan andre har angst eller slit med rusproblem. Av og til kan det vere godt å få hjelp heime i trygge omgivnader med familien rundt seg. Stort sett handlar det om å ha nokon å snakke med, anten ein har familie og treng ein nøytral person, eller er einsam og er mykje aleine med problema sine, seier Trude.
Ein variert arbeidskvardag
Sjølv om dei to psykiatriske sjukepleiarane snakkar mykje med pasientane, har Trude og Kristian stort fokus på daglege gjeremål og fysisk aktivitet i behandlinga.
- Vi går tur, trenar, følgjer dei til legen, går på butikken med dei, treffast på kafé, bestiller legetime og fortel om aktivitetstilbod som fins i nærmiljøet. Dette er berre ein liten del av ting vi kan bidra med. Eg har til og med vaska hus med fleire av pasientane våre, ler Trude og påpeikar at det handlar om å vere i situasjonane der pasienten treng hjelp. Både psykisk og praktisk hjelp. Det heng tett saman.
- Mangfaldet er enormt og vi treff så mykje flotte folk, noko som gjer jobben vår utruleg spennande. Vi veit aldri korleis ein arbeidsdag ser ut. Vi kan ha avtalar og ein plan for dagen, men endrar på alt viss det trengs, seier Kristian.
Samstemde
Både Trude og Kristian legg vekt på personlege eigenskapar som fordomsfri, trygg, kreativ, tillitsfull, evna til å kommunisere og viktigast av alt;
- I denne jobben må du ha respekt for menneske. Alt du gjer som psykiatrisk sjukepleiar skal vere av respekt for pasienten, seier dei to samstemd.
Heile menneske
Dei to kollegaene har same utdanning og same jobb, men likevel ulik bakgrunn. Då Trude gjekk på sjukepleieutdanninga oppdaga ho raskt at psykiatri var det feltet som fenga ho mest.
- Eg trur det er måten å jobbe på som appellerte til meg. Det å sjå heile menneske, ikkje berre ein avbroten fot. Og sjølv då får ein bruk for kunnskap i psykiatri. Viss ein pasient har brote foten sin, vil han kanskje vere engsteleg. Om ein tar seg tid til å snakke med pasienten, vil han ofte kjenne seg betre, trur Trude.
Kristian skulle eigentleg bli lærar. I to år gjekk han på lærarutdanninga medan han jobba som ekstrahjelp på Sandviken sjukehus. Omsider oppdaga han at det var i psykiatrien han ville vere, og etter fleire års jobberfaring frå området tok han fatt på sjukepleiarutdanninga.
Seinare har dei begge tatt vidareutdanning i psykiatri.
- Vi har ikkje angra eitt sekund, seier dei i kor.
Publisert
12.01.2011 10:55 |
Endret
12.01.2011 11:35