Stolte prismottakarar: konstituert seksjonsleiar Jan Arne Olsen (f.v) og seksjonsleiar Jarle Johannessen (for tida i utdanningspermisjon).
Prisutdelinga fann stad i Oslo under den årlege nasjonale konferansen i akuttpsykiatri. Prisen, som består av eit bilete, diplom og ein sjekk på 10 000 kroner, blir gitt til enkeltpersonar eller grupper som har sett fokus på akuttpsykiatri på ein konstruktiv måte.
Oppgåva til Psykiatrisk ambulanse er å sørgje for at psykisk sjuke får tilbod om transport til behandling som er prega av respekt og likeverd.
- Det er stort å bli verdsett på denne måten av det psykiatriske fagmiljøet i Noreg, samstundes som det også er ei stadfesting på at det arbeidet vi har gjort er riktig og viktig, seier Johannessen.
Frå grå til gul
For dei som ikkje kjenner psykiatriambulansen, ser den ut som ein vanleg ambulanse, berre litt større. Det er plass til både pasient, helsepersonell og pårørande bak i bilen, og den er utstyrt med det same som ein vanleg sjukebil.
Den første psykiatriske ambulansen var grå og anonym. Det same var arbeidsantrekket til dei tilsette. Etter to år valde ein å gå over til raude klede og gul bil, som anna ambulansepersonell.
- Stor motivasjonsfaktor
Den psykiatriske ambulansen er blitt tatt godt i mot av både pasientar, pårørande, politi og helsevesenet etter at den starta å køyre for snart seks år sidan. Særleg gunstig har det vore for pasientar å bli henta av helsepersonell i staden for politi, noko som kan opplevast som stigmatiserande for psykisk sjuke og deira pårørande.
- Det å få tildelt ein pris som dette er heilt klart ein stor motivasjonsfaktor for alle oss som jobbar på psykiatriambulansen. Men vi ønskjer også å takke for det gode samarbeidet med politiet i Bergen, Ambulansetenesta ved Akuttmedisinsk seksjon, Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral og Psykiatrisk divisjon. Utan dei ville vi ikkje klart å få til ei så god profesjonell teneste, seier Johannessen.
Publisert
19.02.2011 21:20 |
Endret
19.02.2011 22:20