Prisdryss til Barneklinikken 

Beste avdeling, beste forelesar, beste artikkel, beste formidlar og Studiekvalitetsprisen 2008/2009. Ikkje rart det vart feira med is og jordbær på Barneklinikken måndag.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

– Dette er utruleg flott, seier klinikkdirektør Britt Skadberg.

Dei siste vekene har Barneklinikken mottatt ei rekkje prisar, frå både Universitetet i Bergen og medisinarstudentar. Så mange at det til slutt vart tromma saman til felles feiring i biblioteket i 2. etasje. Kor stolt klinikkdirektøren er på ein skala frå èin til 10?
– 11! kjem det kontant frå Skadberg.

Stor gjennomslagskraft
Universitetet i Bergen har nyleg tildelt professor Trond Markestad årets pris for framifrå forskingsformidling. Markestad har lang røynsle både ved Institutt for klinisk medisin, Universitetet i Bergen og ved Haukeland Universitetssjukehus.

I grunngjevinga for prisen heiter det blant anna at Markestand sin kompetanse og entusiasme for faget har ført til mange verv i ulike utval og organisasjonar. Han står bak ei lang rekkje vitskaplege publikasjonar, som speglar internasjonalt leiande forsking innafor pediatri. Dette gjev han stor gjennomslagskraft i faglege samanhengar.

Glade prisvinnarar ved Barneklinikken
Glade prisvinnarar ved Barneklinikken. Frå venstre Karen Budahl Jacobsen, Pål Rasmus Njølstad, Trond Markestad, Ansgar Berg, Gottfried Greve, Robert Bjerknes, Dag Moster og Britt Skadberg.

Universitetet har også delt ut prisen for årets publikasjon, som gjekk til overlege Dag Moster, professor Trond Markestad og Rolv Terje Lie for artikkelen "Long-term medical and social consequences of preterm birth". Artikkelen vart publisert i New England Journal of Medicine i juli i fjor.

Som prikken over i-en fekk Seksjon for pediatri ved Institutt for klinisk medisin Studiekvalitetsprisen 2008/2009. Seksjonen, ved visestyrar og professor Gottfried Greve, fekk prisen på bakgrunn av sitt engasjement for undervising og eit ypparleg undervisingsmiljø.

Open og inkluderande
Eit godt undervisningsmiljø ligg også til grunn for at Kull 03, medisinarstudentane, har utnemnd Barneklinikken til "Beste avdeling"og forskingslege Ansgar Berg til "Beste forelesar".  I følgje Skadberg er professorane og overlegane Pål Rasmus Njølstad, Robert Bjerknes, Gottfried Greve, Berg og førstekonsulent Karen Budahl Jacobsen nøkkelpersonane bak denne utmerkinga.

– Dette er ei anerkjenning til heile avdelinga. Studentane føler at dei blir møtt på ein open og inkluderande måte, at dei blir ivaretatt og får oppfølging, seier konstituert seksjonsleiar Njølstad.

– Og dette gjeld i alle ledd på avdelinga, så utmerkinga går til både leiarar og tilsette, understrekar Skadberg.


Publisert 23.09.2010 12:35 | Endret 23.09.2010 12:39 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo