Praktbygget i parken 

– Alt svarar til forventningane, sa styreleiar i Helse Bergen, Ranveig Frøiland, då ho opna Parkbygget på Haukeland fredag.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

Framfor eit nesten fullsett Atrium tok styreleiaren ein historisk gjennomgang frå første planleggingsmøte i 2002, til byggjestart i 2007 og endeleg opning 22. oktober 2010.

Ho retta også ein særleg takk til Trond Mohn, Universitetet i Bergen og Medisinsk høgteknologisk forskningsfond for dei rause pengegåvene bygget har fått.

– Det er ei glede for meg å markere denne dagen, understreka Frøiland.
– Bygget er teke i bruk, det er eit praktbygg i parken.

Parkbygget er 6500 kvadratmeter og har kosta 250 millionar kroner. Bygget rommar Radiologisk avdeling og Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, i tillegg kjem forskingsareal for UiB.

Blant dei andre som bar fram helsingar under opninga, var avdelingsdirektør Olav Mella ved Kreftavdelingen og avdelingsdirektør Aslak Aslaksen ved Radiologisk avdeling.

Mella sin endelege konklusjon var eit rungande: Hurra!
– Vi har fått ei meir samla og funksjonell avdeling, med små justeringar fungerer logistikken og sist men ikkje minst: Vi har gått frå å ha landet sin dårlegaste sengepost til sjukehuset sin beste!

Aslaksen framheva den enorme utviklinga innan biletdiagnostikk dei seinare åra, og gav administrerande direktør Stener Kvinnsland mykje av æra for det.

– Stener hadde visjonar om at vi skulle ha eit PET-senter. No har vi eit fantastisk og føremålstenleg – og Noregs finaste – PET senter på Haukeland. Vi skal sørgje for at dette blir eit veldig bra senter, og eg veit eg har alle medarbeidarane mine bak meg når eg seier dette, sa Aslaksen.

Kreftforeningen, arkitektfirmaet Rambøll og utstyrsleverandør Siemens bar òg fram helsingar og gav gåver på den store dagen.


Publisert 22.10.2010 20:10 | Endret 23.10.2010 00:11 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo