Bli kvitt pillene

Poliklinikk for vanedannande legemiddel 

Mellom 17 000 og 22 000 menneske på Vestlandet er avhengige av vanedannande legemiddel. Haukeland har starta ein poliklinikk for å behandle denne pasientgruppa.
Av Camilla Crone Leinebø
 

– No er vi nettopp ferdig med første gruppa, og resultata er oppmuntrande. Halvparten av deltakarane har klart å endre på medisinvanane sine. Det er vi nøgde med, seier leiar for Poliklinikk for vanedannande legemiddel ved Avdeling for rusmedisin, Linn Heidi Lunde.

Gammal vane vond å vende
Den typiske pasienten har fått resept på eit medikament han eller ho har trengt i ein vanskeleg livsituasjon. Til dømes problem med angst, smerter eller søvnproblem.

– Medikamenta har ofte god effekt i starten, men så treng ein større dose og etter ei stund har pillene knapt nokon effekt. Det hender at ubehagelege biverknader dukkar opp, og desse plagene kan likne dei symptoma som var utgangspunktet for at ein begynte å ta medisinen, forklarar Lunde.

Mørketal
Dei som kjem til poliklinikken har i utgangspunktet ikkje ønskt ruseffekten av legemidlane dei brukar.

– Pasienten kan ha stått på sovemedisin i 10-20 år, og aldri fått tilbod om alternativ behandling. Mange av desse ser ikkje på seg sjølve som rusavhengige, noko som er med på å gjere dette til ei stor, ”skjult” gruppe, seier Lunde.

Langsam nedtrapping
Behandlinga blir gitt i grupper på inntil 10 deltakarar. Sjølv om målet er langsam nedtrapping av legemidlane over 12-16 veker, er det høgst individuelt kor lang tid ein treng. Deretter får ein tilbod om to oppfølgingsmøte innan to månader etter avslutta gruppebehandling. Behandlarane er så i kontakt igjen med pasienten etter eit halvt år.

– Gradvis blir medikament erstatta med meir hensiktsmessige måtar å handtere symptoma på. Meistringsstrategiar krev aktiv innsats frå pasienten og baserer seg på samarbeid mellom behandlar og dei sjølve, seier Lunde.

– Vår erfaring og forsking viser at deltaking i gruppebehandling og det å møte andre i same situasjon gir innspel og idear til alternative meistringsmåtar. Dette opplever deltakarane som meiningsfylt og nyttig.

Ny gruppe
Poliklinikken får stadig nye tilvisingar og blir kontakta både av pasientar og pårørande. Neste gruppe startar 1. november.

– Målet er å utvide til eit meir omfattande tilbod etter kvart, men framleis er vi i ein oppbyggingsfase. Det er ein prosess å byggje opp eit heilt nytt og unikt tilbod, men opplegget er godt


Publisert 02.07.2010 13:35 | Endret 09.12.2010 09:44 

 Publisert av eining

 FAKTA

- Eksempel på vanedannande legemiddel er; Sobril, Valium, Imovane og Paralgin forte

- Kvinner er i fleirtal og over halvparten av dei som brukar vanedannande legemiddel er over 60 år.

- Det er fastlegen din som kan tilvise deg til gruppebehandlinga og fastlegen vil vere ein viktig støttespelar i behandlinga.

- Rusmisbrukarar som blir tilvist til behandling, har rett til å få vurdert sin helsetilstand innan 30 dagar.

- Pasientar som har alvorlege alkoholproblem eller som brukar illegale rusmiddel, er ikkje i målgruppa for dette behandlingstilbodet, då dei ofte har eit anna formål med bruk av vanedannande legemiddel. Pasientar med alvorlege psykiske lidingar eller menneske med alvorleg kognitiv svikt, vil heller ikkje dra nytte av behandlingstilbodet ved Poliklinikk for vanedannande legemiddel.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo