– Vi er tidleg ute, og tar aktivt tak i utfordringane som ligg der. Målet er å halde oss i det øvste sjiktet, seier divisjonsdirektør Hans Olav Instefjord.
125 på konferanse
Måndag 14. februar var 125 menneske frå alle delar av Psykiatrisk divisjon samla til kvalitetsutvikling- og pasientsikkerheitskonferanse. Føremålet med konferansen var å setje fokus på kva som er god kvalitet og pasientsikkerheit i psykiatrien.
– Leiing og organisering, den faglege standarden, kvalitetsutvikling og å ta lærdom av det som er feil skal leggje grunnlaget for sikring av pasientsikkerheit hos oss, seier Instefjord.
Storsatsing
Måla med ”I trygge hender” er å redusere talet på pasientskadar, byggje varige system for pasientsikkerheit og auke fokus på tryggleiken til pasientar i heile helsetenesta. Kampanjen skal gå over tre år, og er ei svært omfattande satsing på pasientsikkerheit i norsk helseteneste.
– Vi har fått i gang imponerande og gode prosessar som skal hjelpe oss å gå framover. Innsatsen er upåklageleg, og det er ikkje tvil om at vi er på rett veg, seier Stig Harthug kvalitetssjef ved Forskings- og utviklingsavdelinga.
Publisert
18.02.2011 15:00 |
Endret
18.02.2011 15:08