Sommarvikarane

På leiting etter blod 

Utrusta med bomullsdottar, reagensrøyr og spisse nåler trålar masterstudenten Lina Wik Leiss gangane på Kvinneklinikken. Som sommarvikar på jobb for Laboratoriet til KK er ho på leiting etter blod.
Av Anette Hellstrøm
 

 
Sol ute, sol inne: Lina passar på at
utstyret er på plass.
Klokka på veggen utanfor ekspedisjonen har stoppa på kvart over elleve. Den nektar å rikke seg, trass i at eg veit ho er nærmare halv to. Gangen er tom for menneske, forutan ei ung dame med tvillingvogn som takkar so mykje for hjelpa før ho snur seg for å trille ungane ut i solskinet. Eg trekkjer magen inn til ho har gått forbi, og går fram til luka.

– Eg jobbar i kommunikasjonsavdelinga og skal treffe Lina eller Line – er ikkje sikker på kva ho heiter lenger. Ei som eg møtte borte i gangen då eg spurte etter vegen til labben påstod hardnakka ho heiter Lena, forklarar eg og undrar om slikt høyrer med når ein er sommarvikar.

– Ja, berre kom inn, seier den lyslugga mottakaren.
– Ho heiter Lina og sit og jobbar på rommet her inne.

Trøyttare enn dei fleste
Mellom glukoserøyr og små varmeputer sit Lina Wik Leiss og klargjer utstyr til blodprøvetaking. På bordet ved sidan av står det to norske flagg i ein blomstervase som vitnar om at ei av kollegaene har bursdag  – dei har nett feira ho i lunsjen.

Grunnen til at Lina sit her no i kvit uniform med polert namneskilt, er at ho vart anbefalt av ein medstudent som sjølv hadde planar for ferien og takka nei til jobben. Sidan 28. juni har derfor Lina vore i sving mellom klokka sju om morgonen og halv tre på ettermiddagen. Slett ikkje noko arbeidstid for eit B-menneske.
 
– Eg er nok trøyttare enn dei fleste andre eg kjenner, seier ho, utan at eg kan få det til å stemme.
 
Det er ikkje ein einaste pose under auga, til tross for at ho stod opp fleire timar før underteikna.

– Er det ikkje kjipt å jobbe no som alle andre har ferie, spør eg kritisk.

– Vel, vi har jo ikkje sett så mykje til det varme sommarveret enno, så det er ikkje noko tap å vere på jobb, forsikrar Lina og smiler.

Får mykje hjelp
Store delar av dagen er Lina i ekspedisjonsområdet. Her tar ho imot pasientar, er inne på prøvetakingsromma, klargjer utstyr og går rundar på sengepostane. Hovudoppgåva er å ta blodprøve av alle pasientane på Kvinneklinikken som treng det. Det kan vere alt i frå nyfødde til gravide eller kvinner som er til utgreiing.

– Er det vanskeleg, spør eg og løftar hovudet frå blokka.

– Eg er ingen bioingeniør så eg visste ikkje heilt kva eg gikk til, men det er veldig morosamt å sjå ein annan del av det eg vanlegvis gjer, forklarar Lina, mens ho legg tynne magnetar opp i glukoserøyra.

Ho understrekar at ho ikkje føler seg dum til tross for at ho ikkje har, slik som bioingeniørane, autorisasjon til å gjere analysar inne på labben.

– Eg har blitt så godt tatt imot, og får masse hjelp heile tida, så det vil nok vere muleg å gjere meir varierte oppgåver etter kvart. 

Kakling på labben?
Draumejobben til Lina er å fortsette i retninga som masteren går; å forske på Glioblastom – ei av dei mest aggressive formene for hjernesvulst. Ho jobbar på cellenivå, og det absolutt største målet er å finne ei meir effektiv behandling enn det som finst i dag.

Utanfor der vi sit høyrer vi latteren til fleire damer. Til saman er det 19 damer på heile avdelinga, men dei er sjølvsagt ikkje alle på jobb samstundes.

– Blir det mykje kakling med så mange damer på ein plass?, spør eg undrande. 

– Det er vel for det meste gutar som seier at damer kaklar for mykje, så eg trur du må høyre med sjefen vår Arne om nettopp det. Han er einaste hanen i korga, smiler Lina lurt.


Publisert 12.07.2010 10:55 | Endret 18.08.2010 15:21 

 Publisert av eining

 Les meir om

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo