Opna nytt psykiatritilbod til unge 

Tidleg oppdaging og behandling av psykose gir mindre sjukdom og betre behandlingsresultat. No styrkar Haukeland universitetssjukehus psykosebehandlinga med nytt tilbod til ungdom.
Av Anne Christine Olsen, Haukeland universitetssjukehus
 

 
I dag var det offisiell opning av nytt bygg for Avdeling for tidleg psykose (ATP) i Sandviken. Administrerande direktør Stener Kvinnsland (t.v) delte ut jordbær til avdelingssjef Rune Kroken og klinikkdirektør Kristin Bovim.   

- Unge menneske som utviklar psykose, må ha lett og rask tilgang til effektiv behandling. Nystarta Avdeling for tidleg psykose (ATP) er ei spesialavdeling for utgreiing og behandling av unge med alvorlege psykiske lidingar, seier avdelingsleiar for ATP Rune Kroken.

Kroken fortel at dei fleste som får psykoselidingar, får dette i slutten av tenåra eller som ung voksen. Ifølgje Kroken utviklar ein psykose seg normalt over tid, og i starten kan sjukdommen gje litt diffuse symptom.

- Dette kan gjere at denne alvorlege sjukdommen er vanskeleg å fange opp. Eit lågterskel vurderingsteam er derfor viktig for at unge ikkje skal gå lenge med ubehandla psykose, seier Kroken.

Avdeling for tidleg psykose (ATP) er eit nytt høgspesialisert behandlingstilbod til unge med schizofreni-lidingar. Avdelinga blei etablert 1. januar i år, og i dag var det klart for innflytting i nye lokale i Sandviken. Eitt år med byggearbeid er over, og no står huset med sine 2347 kvadratmeter klart. Nybygget husar to døgnseksjonar og det oppsøkjande lågterskelteamet TOPS (Tidlig Oppdagelse av Psykose).



Ein stor gymsal gir gode moglegheiter for å nytte fysisk aktivitet og trening i behandlinga, noko som er viktig for å motverke passivitet, auke meistring og redusere livsstilsrelaterte sjukdommar som er hyppige ved psykoselidingar.

 
Styreleiar Ranveig Frøiland: - Eg håper bygget  skal sikre pasientane eit optimalt behandlingstilbod og ønskjer lykke til med nybygget.  
-No kan vi ta imot pasientar i moderne lokale med fine pasientrom og ein eigen aktivitetsavdeling. Her har vi alt vi treng for å kunne tilby spesialisert utgreiing og behandling i trygge omgjevnader, så dette vil vere eit stort framskritt for denne pasientgruppa, seier avdelingsleiaren.
Prislappen for heile byggeprosjektet kjem på omlag 89 millionar kroner. 


Publisert 24.05.2012 11:55 | Endret 24.05.2012 12:55 

 Fakta om psykose

- Ein psykose gjer at ein får problem med å skilje mellom det som er verkeleg og det som ikkje er verkeleg. Ein kan merke dette ved at ein til dømes ser eller høyrer ting som andre ikkje kan sjå eller høyre.
- Schizofreni er den mest kjente og mest omfattande psykoselidinga. Schizofreni rammar om lag av ein prosent av befolkninga.
- Tidleg oppdaging og behandling gir mindre liding og betre resultat.
- Avdeling for Tidleg Psykose (ATP) er ei nyoppretta avdeling gjennom Haukeland universitetssjukehus. Avdelinga har no flytta inn i nytt bygg på sjukehusområdet i Sandviken.
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo