Nytt tilbod til sårbar pasientgruppe 

Rusmiddelavhengige i Bergen og omkrins vil få eit betre og meir heilskapleg tilbod når det nye rusakuttmottaket opnar. No er lokala snart klare.
Av Ragnhild Dårflot Olsen
 

– Dette er eit kjempeflott tiltak for ei sårbar pasientgruppe som tidlegare ikkje har hatt eit heilt klart definert tilbod, seier viseadministrerande direktør ved Haukeland universitetssjukehus, Anne Sissel Faugstad.

– No får dei eit samla, godt fagtilbod i nye, flotte lokale.

 
Legevaktsjef Frank van Betten i
inngangspartiet til det nye
rusakuttmottaket, som enno er ein
byggeplass.
Dei nye lokala er i nabobygget til Bergen legevakt. Grovarbeidet; golv, veggar og tak, blir ferdig denne veka. I november er det oppstart.

10 senger
Regjeringa løyvde 8,25 millionar kroner til etablering av ein rusakutt i Bergen i september i fjor. Tilbodet er eit samarbeid mellom Helse Bergen og Bergen kommune. Akuttposten skal ha 10 senger, der seks er øyremerka ruspasientar. Akuttposten vil ivareta akutt medisinsk undersøking, akutt avrusing og kortare avgiftingsforløp. Dei fire andre sengene skal brukast til avklaring av ulike andre hovudtilstandar, innan både somatikk og psykiatri.

48 timar
Pasientar kan bli verande på akuttposten i inntil 48 timar. Det er ein stor fordel, meiner legevaktsjef Frank van Betten, som også leier styringsgruppa for den nye akuttposten.

– No må vi enten sende pasienten heim, eller på sjukehus. Med den nye akuttposten får vi ein tredje mulegheit. Her kan vi observere pasienten over natta. Vi får ein større fleksibilitet i forhold til dei pasientane som ikkje kan ta vare på seg sjølve, men som heller ikkje treng innlegging i sjukehus. Det er betre for pasientane, og det avlastar Haukeland.

Dei siste åra har det vore ein sterk auke i talet på innleggingar i spesialisthelsetenesta der rus er eit hovudproblem. Auken gjeld både innan psykisk helsevern og i somatisk helseteneste.

 – Vi tar imot mellom 6 og 10 slike pasientar kvart døgn, fortel Faugstad.

 
Når legevaktsjef Frank van Betten går ut ambulanseinngangen ved Bergen legevakt, ser han rett over til inngangen på det nye rusakuttmottaket.

Samstundes blir ambulansar og personell bundne opp til innbringartenester og til transport.

Stabiliseringspost
I forlenging av opprettinga av eit rusakuttmottak, planlegg Helse Bergen eit stabiliseringstilbod.

– Ein del av pasientane som kjem til rusakutten, treng vidare behandling. Hovudmålet med stabiliseringsposten er å ivareta pasientar som ønskjer behandling for rusproblema sine, seier Faugstad.

Stabiliseringsposten skal sikre ei tverrfagleg, spesialisert utgreiing, og igangsetjing av vidare behandling i direkte tilknyting til utskriving. 

– Slik får vi eit heilskapleg behandlingstilbod, understrekar Faugstad.  


Publisert 30.06.2010 13:25 | Endret 01.07.2010 09:12 

 Publisert av eining

 Lenkjer

 Fakta rusakuttmottak

  • Hovudmålet med rusakutt i Bergen er å utvikle ei meir effektiv rusomsorg i primærhelsetenesta og rushelsetenesta med diagnostikk og behandling i spesialisthelsetenesta.

  • Tiltaket vil auke kapasiteten innanfor avrusing og bidra til større treffsikkerheit når ein skal vurdere kva behov pasienten har for vidare behandling.

  • Det er i dag for liten kapasitet på avrusingsplassar i Helse Bergen- området.

  • Bergen kommune har søkt om, og fått tildelt, midlar til oppretting av eit akutt, ambulant helse-og sosialfagleg team (HSA team). Teamet vil vere samansett av sosionomar, sjukepleiarar, og eventuelt andre med helsefagleg utdanning. HSA teamet skal ha faste oppdrag ved Akuttposten.

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo