Nytt senter for diabetesforsking opna i Bergen  

Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen har støtta opprettinga av tre nye medisinske forskingssenter. Det eine av desse, KG Jebsen Senter for diabetesforsking ved UiB og Haukeland, vart høgtideleg opna i dag.
 
Njølstad og Rommetveit Prosessor og senterleiar Pål Rasmus Njølstad (t.v.) og dagleg leiar av Stiftelsen KG Jebsen, Kåre Rommetveit under markeringa ved opning av nytt diabetessenter i dag.

– Kan vi bidra til å gjere kvardagen til den enkelte diabetespasient betre, har vi oppnådd noko med forskinga vår, sa Pål Rasmus Njølstad ved markeringa.

KG Jebsen Senter for diabetesforsking skal bidra til å finne nye diabetesgener, kartlegge nye mekanismar for korleis diabetes utviklast og etablere målretta og betre behandling.

Senteret har samla fagfolk innan klinisk, genetisk, epidemiologisk og eksperimentell diabetesforsking i eitt laboratorium som vil bli lokalisert til det nye Barne, og ungdomssenteret ved Haukeland universitetssjukehus.

Senteret vil bestå av fem forskingsgrupper, og kan bli eit kraftsenter innan diabetesforskinga.

Senteret vil få eit bidrag frå Stiftelsen Kristian Gerhard Jebsen på fire millionar kroner per år i fire år framover. I tillegg kjem økonomisk støtte frå UiB og Haukeland universitetssjukehus.

Les meir om senteret i nettavisa til UiB, På Høyden

 


Publisert 15.06.2012 13:15 | Endret 15.06.2012 13:51 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo