Ny sjef på Avdeling for patologi 

Frå 9. juni overtok Lisbet Sviland (53) etter Steinar Aase som avdelingsleiar ved Avdeling for Patologi.
Av Ragnhild D. Olsen
 

 
Lisbet Sviland

Sviland har vore overlege ved Avdeling for patologi i 10 år. Frå 2002 har ho i tillegg vore professor II ved Senter for internasjonal helse (UiB) og frå januar i år har ho vore professor II ved Gades Institutt.

Den nye avdelingssjefen tok medisinsk embetseksamen ved University of Newcastle i 1980. Ho tok doktorgrad same stad i 1990 og var ”senior lecturer” ved universitetet fram til ho flytta til Noreg i 1998.

Hovudfeltet hennar har vore dermatopatologi (hudpatologi) og forskingsmessig er ho no mest interessert i tuberkulose diagnostikk og patologi.

Sviland gler seg til å leie Avdeling for Patologi framover, og vil etterkvart formulere satsingsområde innan både diagnostikk og forsking.

- Eg har alltid trivst godt på avdelinga, og ser fram til å halde fram samarbeidet med flinke og hyggelege kollegaer, seier ho.

Tidlegare avdelingssjef Steinar Aase er no i stillinga som fylkeslege i Telemark.


Publisert 19.06.2008 14:35 | Endret 28.09.2010 14:36 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo