– Endeleg er vi i gong med eit etterlengta tilbod til ei aukande pasientgruppe, seier overlege Marianne Øksnes og spesialsjukepleiar Sara-Rebekka Linde ved Poliklinikk for overvekt.
Alvorleg helseproblem
– Førekomsten av sjukleg overvekt er aukande i Noreg, og utgjer eit alvorleg helseproblem. Desse pasientane har større risiko for anna alvorleg sjukdom, høgare dødelegheit og redusert livskvalitet samanlikna med normalvektige. Poliklinikk for overvekt gir pasientar hjelp ved å tilby dei eit tverrfagleg behandlingsopplegg som skal munne ut i konkrete forslag til vidare behandling, seier Øksnes.
Fram til no har behandlingstilbodet til sterkt overvektige personar i Helse Bergen, vore kirurgisk behandling på Voss sjukehus.
– For mange er det mest riktig med fedmekirurgi, men uansett kva slags behandling pasienten skal ha er det viktig med ein livsstilsendring. Dermed er livsstilsendringskurs betydingsfullt for alle som ønskjer vektreduksjon på lang sikt, påpeikar Linde.
Supplement til kirurgi
Allereie 1. februar i år tok poliklinikken i mot sine første pasientar. Om lag 60 pasientar er i gong med livsstilskurs på Lærings, - og meistringssenteret (LMS) og ventelista er full for å kome i gong med kurs frå hausten av.
– Til hausten doblar vi kapasiteten og skal halde fire parallelle livstilskurs mot dei to vi har gåande no. Innan året er omme reknar vi med å ha behandla om lag 200 pasientar her hos oss, seier Linde.
– Tilbakemeldingane frå kursdeltakarane er strålande. Dei finn støtte og tryggleik i kvarandre, i tillegg til å dele erfaringar med menneske i same situasjon. Mange har motivasjon til å gjere noko med vekta si, men ikkje kunnskapen som skal til. Det er der vi kjem inn i bilete, legg ho til.
Eit heilskapleg behandlingstilbod
Linde er ansvarleg for livstilskursa og er saman med Øksnes dei to som er tilsett på heiltid ved Poliklinikk for overvekt. Elles er det eit samansett og tverrfagleg team som møter pasientane som blir tilvist til poliklinikken. Teamet består av fysioterapeutar, psykologar, ernæringsfysiologar, legar og sjukepleiarar.
– Mange overvektige personar har fleire tilleggsdiagnosar som til dømes diabetes, hjarte, - og/eller lungesjukdom, belastningsproblem, leddskadar eller ryggproblem. Psykiske problem er heller ikkje uvanleg. Difor er det nødvendig at pasientane blir møtt av helsepersonell med ulik yrkesbakgrunn slik at behandlingsopplegget blir mest mogleg heilskapleg, seier Øksnes.
– Vi vil hjelpe pasientane eit steg i riktig retning, men den største og mest utfordrande jobben har pasientane; dei må klare å endre livsstil slik at dei hjelper seg sjølv, seier Linde og Øksnes samstemd.
Publisert
13.04.2012 09:55 |
Endret
13.04.2012 10:11