Summande barnerøyster, latter og song flyt ut igjennom døropninga til garderoben på Bukkane Bruse. Såpe og varmt vatn er ein del av det faste ritualet som ungane følgjer kvar dag før dei et frukost, lunsj og frukt, eller etter dei har vore på toalettbesøk.
– Viss ikkje kan vi få influensa, poengterer Benjamin Åsheim (5).
Auka fokus på handhygiene
Med ei fartstid på 24 år som assistent i Ravnebjerget barnehage kan Harald Nilsen (50) fortelje at fokuset på hygiene dei seinaste åra har skifta:
– På åttitalet konsentrerte vi oss mest om tannpuss, men etter at barna tok til å gjere rein vasken med tannbørsten vart det slutt på det, ler Nilsen. Med auka fokus på handhygiene i barnehagen håper han at grunnlaget som blir lagt der, også blir nytta av barna når dei kjem heim.
Nye tiltak
Styrar Ragnhild Steimler Åsheim er ei av pådrivarane bak fleire nye hygienetiltak som er innført denne hausten:
– Vi har bytta ut vanlege handkle med papirhandkle, innført nye vaskerutinar av leiketøy, og organiserer fruktmåltida på ei anna måte, fortel ho. Og effekten er allereie merkbar:
– Ungane er mindre sjuke nå enn det dei har vore tidlegare. Vi merker det særleg godt blant litleputtane, avdelinga for dei minste, seier Steimler Åsheim.
Bæ bæ lille lam
Tilbake i garderoben til Bukkane Bruse har ungane stilt seg opp i to rekker ved kvar sin vask. Medan "Bæ bæ lille lam" ljomar mellom veggane venter alle tålmodig på tur.
– Dei syng slik at alle veit kor lenge dei skal vaske hendene sine. Ein song og så er det nestemann sin tur, forklarer Åsheim.
Seks heile songar seinare, og med hender reine som gull, er det ikkje tvil:
– Nå er alle basseluskane borte, seier Marthe Virkesdal (3).
Tips til handhygiene frå barna i Bukkane Bruse:
- Vask alltid hender etter toalettbesøk. Husk tomlane!
- Vask alltid hender før du eter mat eller frukt.
- Bruk olbogen, og ikkje handflaten, når du nys eller hostar.
- Syng "Bæ bæ lille lam" medan du vaskar
hender.
Publisert
22.10.2009 15:50 |
Endret
29.09.2010 10:36