|
| Trine Lier er tilsett i Ravnebjerget barnehage. Ho er godt nøgd med oppfølginga ho fekk frå bedriftsjordmor Ingunn-Olin Haugen då ho gjekk gravid med sonen Torbjørn (8 veker). |
- Det er fint om eg blir kontakta tidleg, slik at eg saman med den gravide og leiaren hennar kan finne ut kva for tilpassingar som kan lette arbeidskvardagen. Som regel har eg tre-fire samtalar med den gravide i løpet av svangerskapet, seier Ingunn-Olin Haugen.
Bedriftsjordmora fortel at gravide på Haukeland og i Helse Bergen stort sett er veldig spreke. Oppgåva hennar er å hjelpe til med å finne løysingar som er gode både for dei gravide og kollegaene deira. Sidan ordninga kom på plass i haust, har ho hjelpt 165 gravide.
- Godt nøgd
- Eg er svært godt fornøgd med den oppfølginga eg har fått, seier Trine Lier. For åtte veker sidan blei ho mor til Torbjørn, og er no i permisjon frå jobben som fagarbeidar i Ravnebjerget barnehage.
Medan ho gjekk gravid hadde ho til saman fire samtalar med bedriftsjordmora og leiaren i barnehagen. Dei blei mellom anna einige om å innføre gravidepause, der Trine i løpet av arbeidsdagen kunne kvile seg 15-20 minutt ekstra.
- Sidan eg har ein son som snart blir fire år, var det fint å ha litt overskot også då eg kom heim frå jobb, fortel Trine.
Tilpassingar
Mykje av arbeidet i barnehagen går føre seg nede på golvet blant dei små, og etter kvart som magen til Trine voks, blei det tungt å jobbe så lågt. Derfor skaffa barnehagen ergonomiske stolar med hjul.
- Då kunne eg sitje medan eg skulle hjelpe med av- og påkleding i garderoben, seier Trine.
Kunne jobbe lenger
Ho meiner bedriftsjordmor og tilrettelegging er dei viktigaste årsakene til at ho kunne halde fram å jobbe gjennom heile svangerskapet.
- At vi hadde Ingunn, gjorde at kollegaene mine blei merksame på at eg hadde behov for tilpassing i jobben. Eg følte meg svært godt tatt vare på, oppsummerer tobarnsmora som også har opplevd det motsette.
- Første gong eg var gravid, jobba eg ein annan stad utan tilrettelegging. Då blei eg fullt sjukmeldt fleire månader før termin, seier Trine.
God støtte med jordmor
Også Trine sin leiar, styrar Ragnhild S. Åsheim i Ravnebjerget barnehage, synest det er lettare å følgje opp gravide medarbeidarar med hjelp frå bedriftsjordmor.
- Eg har opplevd ordninga med bedriftsjordmor som svært positiv. Å få hjelp frå ei jordmor som til dømes kan svare på spørsmål om svangerskap og jobb, gir tryggleik, meiner Ragnhild S. Åsheim. Ho meiner det også har gitt meir forståing for andre tilsette som treng tilrettelegging for å gjere ein god jobb.
Publisert
09.05.2012 09:00 |
Endret
09.05.2012 09:28