Skryt på årets klimakonferanse: Haukeland set miljø-fotspor 

- Helse Bergen er eit godt eksempel på eit helseføretak som tar miljøspørsmål på alvor.
Av Linda Hilland
 
Det sa ekspedisjonssjef Per Bleikelia frå Helse- og omsorgsdepartmentet på årets nasjonale klimakonferanse for spesialisthelsetenesta. Administrerande direktør Bente Mikkelsen i Helse Sør-Øst RHF var heilt einig.

Satt av ressursar til miljøtiltak
– Det er svært hyggeleg at Helse-Noreg legg merke til Helse Bergen sine miljøtiltak. Det er kjekt å vere eit føregangssjukehus innan klima og miljø. Det som eg trur er grunnen til at vi har lukkast, er at leiinga ved sjukehuset har satt av både midlar og ressursar til miljøspørsmål. Vi har jobba miljøtiltak i to tiår og vi ser gode resultat av jobbinga, fortel spesialkonsulent Linda Karen Eide ved Ytre miljø.

Viktige miljøtiltak
Av miljøtiltak som Helse Bergen har gjennomført, kan ein nemne at det er slutt på bruk av stoffet PVC i all medisinsk utstyr ved Haukeland. Helseføretaket har også skifta alle vatnlåser i gamle bygg slik at ein reduserer utsleppet av kvikksølv. Sjukehuset samlar inn all flyande legemiddel, og har også laga ein innkjøpsrettleiar, slik at ein tar omsyn til miljøet ved innkjøp.

Eit samfunnsansvar
Helse Vest leier et nasjonalt prosjekt initiert av Helse- og omsorgsdepartmentet som skal sjå på miljø og klimaspørsmål i spesialisthelsetenesta. Årets konferanse var lagt til Oslo og inneheldt eit bredt spekter av foredragshaldarar med ulik tilnærming til miljø-og klimaspørsmålet. Konferansen blei opna av administrerande direktør i Helse Vest RHF, Herlof Nilssen. Han meinte at å setje i verk miljø- og klimatiltak er å ta samfunnsansvar. - Dette utvida ansvaret må inn i den daglege leiinga av norske sjukehus, konkluderte Nilssen.

Kva gjer sjukehusa i dag?
Administrerande direktør Bente Mikkelsen i Helse Sør-Aust RHF meinte at spesialisthelsetenesta sitt miljøarbeid har betra seg etter sjukehusreforma i 2002 og ho peikte blant anna på at:

- Samfunnet generelt har blitt langt meir interessert i miljø- og klimaspørsmål
- Det politiske miljøet - ikkje minst regjeringa - har sett miljøspørsmål høgare på dagsordenen
- Lovverket er styrkt
- Spesialisthelsetenesta har fått større einingar som kan arbeide meir effektivt med miljø
- Miljø- og klimaarbeidet blir systematisert
- Spesialisthelsetenesta si viktigaste påverknad av det ytre miljøet er gjennom forbruk av vann og energi - og gjennom behandling av avfall frå verksemdene.

- Det er mogleg å setje eit stort "miljø-fotspor" med forholdsvis enkle grep. Helse Bergen er ein inspirasjon i dette arbeidet, seier Mikkelsen.

Helse Bergen er miljøsertifisert
I mandatet til det nasjonale prosjektet ligg det at vi skal finne ut om miljøsertifisering av alle norske sjukehus skal anbefalast, og i så fall kva for krav som skal setjast i forbindelse med slik sertifisering. Stina Wijk Risberg frå Karolinska Universitetssjukhuset i Sverige fortalte på konferansen om arbeidet med miljøsertifisering av Karolinska Universitetssjukhuset.

Eigardirektør i Helse Vest RHF, Ivar Eriksen, orienterte om arbeidet med å greie ut miljøsertifisering av norske sjukehus. Utgreiinga skal leverast i juni 2010. Som kjent er Helse Bergen eitt av tre norske sjukehus som alt er miljøsertifisert, ved drift/teknisk avdeling.


Publisert 16.03.2010 14:45 | Endret 04.10.2010 11:42 
Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo