Romferdassosiasjonane byrjar alt i trappene opp frå omkledningsromma. Lenge før legane har vist seg i månehabitten. På eit bilete på veggen svevar nemleg Birminghamprotesen som eit vakkert, blenkande romskip i ei blå verd. Roelf Bierling, seksjonsoverlege for protese og Jens Eikås, ved Kysthospitalet, er blant dei fremste ekspertane på Birminghamprotesen her i landet.
Først i Norge
Birminghamprotesen er utvikla i Birmingham i England, og er ei såkalla resurfacingprotese. Denne typen protesar bevarer mest mogleg av pasienten sitt eige skjelett, og er i vinden innan dagens ortopedi.
Birminghamprotesen består av ein kunstig metallhjelm som blir sementert på pasienten sitt lårhovud og ein metallkopp som blir sett inn i hofteskåla. Metall glir mot metall i det nye leddet. Etter ti års erfaring med Birminghamprotesen, har det vist seg å vere ein slitesterk kombinasjon.
Kysthospitalet i Helse Bergen var først ute med Birminghamprotesen i helse-norge. Bierling fekk opplæring i protesen i Tampere i Finland. Sidan hausten 2004 har han og kollegaene i Os gjort over 50 slike inngrep.
- Teknisk sett er dette ein vanskeleg operasjon, men no har vi fått så mykje erfaring at det nesten blir eit rutineinngrep, fortel seksjonsoverlegen.
På grunn av fritt sjukehusval, har ortopedane på Kysthospitalet operert inn Birminghamprotesar på pasientar frå heile landet. Men no har dei også fått følge av Helse Førde.
Seksjonsoverlege Bierling studerer røntgenbiletet av hofta for å bestemme
storleiken på protesa som skal opererast inn.
Fleire yngre får hofteprotese
Ein blå vegg i plast er bygd opp ved brystkassa til pasienten. Han ligg med blunda auge, og ser ut til å vere i eit behageleg draumeland. På andre sida av plasten ser verda meir brutal ut.
Høgre foten er bøygd i ein umogleg vinkel og hofta bretta ut slik at lårhovudet stikk opp frå snittet. Kun mogleg fordi Bierling og Eikås har kutta lårmuskelen. For å finne tilbake til den staden der muskelen til slutt skal syast saman igjen, har dei sett to sting.
Medan ortopedane vrir og vender på foten for å kome skikkeleg til, snorkar hovudpersonen sjølv høglydt og uforstyrra. Sidan hofta må manipulerast under heile operasjonen, er det viktig at pasienten er heilt avslappa. At han vil føle seg litt mørbanka i morgon, er lett å forstå.
Tidlegare var legane svært restriktive med å setje inn protesar. Det blei gjerne ikkje gjort før pasienten hadde fylt 50. Dermed gjekk mange med smerter og halta over lang tid.
- Så strenge er vi difor ikkje lenger, men vi vil helst vente lengst mogleg, fortel Bierling.
Årsaka er at alle protesar vil slitast og må med tida skiftast ut. Yngre pasientar kan risikere å skifte protese fleire gonger i løpet av livet. Vi veit heller ikkje sikkert om protesar kan ha negative konsekvensar. Det vi veit er at metallprotesar gjev auka konsentrasjon av metall i blodet og urinen. Når det gjeld kreft, er det så langt ikkje påvist auka risiko. Men nokre pasientar ser ut til å utvikle allergi på sikt. Det kan føre til irritasjon og smerter i vevet rundt protesen. Forskning viser at slik seinallergi kun opptrer hos to av 10.000 pasientar.
- Problem med seinallergi rammar så få at vi ikkje kan ta hensyn til det, men vi må informere om denne risikoen, forklarer Bierling.
Jens Eikås og Roelf Bierling er blant landets fremste ekspertar
på Birminghamprotesa.
Bra for unge pasientar
Hammaren susar gjennom lufta og spruten står frå boremaskina. Det er som ein avansert sløydtime når ei sliten hofte skal få avlasting av blenkande metall. Den snorkande mannen er 40, og ein aktiv kar. Han går mykje til fjells, men har dei siste åra fått problem med hofta på grunn av eit gamalt brot. Brusken i leddet har forsvunne slik at bein ligg direkte mot bein.
Dermed har ikkje fjellturane vore heilt smertefrie. Birminghamprotesen er nettopp for pasientar som han. Unge, aktive folk med god beinkvalitet. Beinkvaliteten må vere god, elles kan pasienten få lårhalsbrot like nedanfor protesen.
Det er ikkje gull alt som glimar, men for pasienten på bordet er sjansen stor for at det nye leddet som blenker i lyset frå operasjonslampen, blir gull verdt.
- På dei ti åra Birminghamprotesen har vore i bruk, er suksessraten opp mot 97 prosent, fortel Bierling.
Protesen har fleire fordelar. Sidan lårhovudet blir bevart, minskar risikoen for at hofta "går ut av ledd." Dessutan beheld pasienten mykje av finsignaliseringa i foten. Kjensla av kvar foten står i rommet, om den peikar til høgre eller venstre, er betre enn for mange andre protesar.
Studie med komputernavigering
Komputernavigering vil forhåpentlegvis gje endå betre resultat. Kysthospitalet planlegg no ein studie der ei datamaskin skal hjelpe ortopeden med eksakt plassering av protesen.
- Navigasjonsutstyret erstattar ikkje ortopeden. Du må framleis vere ein god fagmann for å få eit godt resultat, forklarer seksjonsoverlegen.
Etter 106 minutt inne i ein heildekkande hjelm, er det godt å vrenge av seg månehabitten. Men hjelmane er også eit viktig bidrag til gode resultat. Dei hindrar at augevipper, hår frå augebryna og hudceller dett ned i operasjonssåret og fører til infeksjon.
- Infeksjon er svært alvorleg i protesekirurgi, og kan føre til at implantatet må takast ut igjen, fortel Bierling.
Lappa, omtåka, litt rusa og med ny metallhofte på plass, takkar pasienten hjarteleg når han vaknar.
- Ååå, så fint, legg han til.
I morgon kan han stå ved senga. Om nokre dagar går han. Om ei veke blir han skriven ut, om seks kan han kaste krykkene og etter tre månaders opptrening er hofta god som ny.
Artikkelen er publisert i Hospitalet nr. 2 2007
Publisert
04.01.2008 14:40 |
Endret
28.09.2010 14:45