I eit kvitt grendehus på Bakka i Austrheim trampar ivrige føter over dørstokken.
- Kva skal vi ete til lunsj, spør Kristin Rugset før ho får sett seg ned på stolen. Blikket er festa mot kjøkkenet, fingrane trommar lett mot kvarandre.
Prosjekt- og kursleiar Olaug L. Laukeland kikkar tålmodig opp frå notata sine, og ventar til forsamlinga har slått seg til ro. - Først skal vi ha ein repetisjon i frå sist samling, og så skal vi lage mat. Kva trur de vi skal lage? Pizza eller hamburgar?
- Neeeei, ingen av delane, ropar fleire av kursdeltakarane.
- Det er heilt rett. Vi skal lage noko sunt! I dag blir det lapskaus og fruktsalat – og alle skal vere med og lage mat, understrekar Laukeland, og ønskjer velkomen til kurset Helse og trivsel.
Livsendring i praksis
I 2008 fekk Habiliteringstenesta for vaksne prosjektmiddel frå Helsedirektoratet til å utvikle ein kursmodell for deltakarar med utviklingshemming og/eller utviklingsforstyrring.
– Å delta på kurs er ein aktivitet som mange i denne brukargruppa ikkje har erfaringar med.. Føremålet med prosjektet har derfor vore å utvikle eit kurs der deltakarane kan tileigne seg kunnskap som gjer dei betre i stand til å meistre utfordringar i kvardagen, seier Laukeland, før ho held fram:
– Vi veit at meistring gir motivasjon og lyst til å delta på nye aktivitetar eller gjere endringar i kvardagen. Ny kunnskap og nye ferdigheiter styrkjer den sosiale samhandlinga og stimulerer til auka deltaking i sosiale samanhengar. Dette gir positive opplevingar som igjen har helsefremjande effekt.
Den nyutvikla modellen skal vere eit verktøy for kommunar, brukarorganisasjonar, spesialisthelseteneste, og lærings- og meistringssenter som ønskjer å arrangere slike kurs. Austrheim kommune i samarbeid med Habiliteringstenesta for vaksne er dei første til å ta kursmodellen i bruk.
Sunne September
I år er det 100 år sidan Austrheim og Fedje sokn vart skilde ut frå Lindås. For å feire jubileet arrangerer kommunen fleire omfattande markeringar gjennom heile 2010.
- September er tenkt som den ”sunne” månaden . Det vert lagt opp til arrangement som går på tradisjonsrik mat og på fysisk aktivitet. Både barnehage, skular og idrettslag tar del i dette, så då er det jo sjølvsagt at brukarane våre også får vere med. Då vi fekk tips om at Haukeland hadde laga ein unik kursmodell mynta på dette nølte vi ikkje med å ta kontakt, forklarar folkehelsekoordinator i Austrheim kommune, Nora Hansen.
Nyttige verkemiddel
– Brød, frukt, mjølk og ost er viktig for kroppen vår. Eg er sjølvutnemnt detektiv på jakt etter produkt med nøkkelhol i butikken, ler kursdeltakar Olaug Nesse. I tillegg til å ha full kontroll på sunne matvarer har ho i heile sommar vore flittig brukar av stegteljar – noko hjelpeverje Helga Bøe kan bekrefte.
– I dag har eg gått 1656 steg. Det er ikkje nok til å ta rekorden, men eg veit at litt aktivitet er betre enn å sitje stille. Det har eg lært på kurs, skyt Olaug inn.
Utarbeidinga av den nye kursmodellen er eit resultat av erfaringar både frå brukarar, pårørande og ulike samarbeidspartnarar. Modellen kan bli brukt i ulike kursopplegg.
– Kursdeltakarane treng støtte og oppmuntring for at ny kunnskap og endring skal vare. Derfor er det viktig å involvere nærpersonar som støttespelarar, forklarar Laukeland .
Publisert
12.11.2010 14:15 |
Endret
18.01.2011 14:41