Med 100 prosent vikariat i hele sommar på post 3 ved Nevrologisk avdeling, er Nora Irgens godt nøgd med kor nettsurfinga førte ho.
– Eg har inntrykk av at ikkje mange sjukepleiarstudentar er klar over at du kan få sommarjobb som pleieassistent på sjukehus. Kanskje dei trur at du må vere ferdig utdanna for å få sommarjobb, undrar ho.
Lærer mykje
– Her er det utruleg kjekt å vere. Vi er fleire sommarvikarar som syns vi har blitt tatt så godt i mot. Her føler du deg ikkje som ei «irriterande ferievikar». Det har eg opplevd før på ein sjukeheim eg jobba på tidlegare, seier Nora.
– Sjølv om eg har vore her ganske kort tid, har eg allereie lært masse nytt. Det beste er at jobben er så variert, nye pasientar heile tida og noko å gjere. Når eg ser kor mykje sjukepleiarane her kan, gler eg meg til å bli ferdig og få meir erfaring og auka kunnskap.
Nattevakt utan kaffi
Neste veke debuterer ho som nattevakt.
– Det kan bli interessant, for eg er ikkje sånn som likar å vere oppe om natta. Ikkje drikk eg kaffi heller, så det blir spennande å sjå om eg taklar det, smiler Nora.
Jordmor eller ikkje?
Sjukepleiarstudenten har lenge tenkt å bli jordmor, men etter eit år på sjukepleieutdanninga i Grimstad - der nesten alle seier at dei skal bli jordmødrer - er ho ikkje lenger heilt sikker. No skal ho bruke studietida til å finne ut kva og kor ho har lyst å jobbe som sjukepleiar når ho er ferdig utdanna.
– Førebels ventar eg på «kallet» om kor eg skal hamne. Utan at eg ønskjer å høyrest ut som om eg har budd altfor lenge nede i bibelbeltet, skrattler sjukepleiarstudenten.
Publisert
17.07.2012 09:10 |
Endret
17.07.2012 09:16