Meir enn halvparten av pasientane hadde to eller fleire av risikofaktorane stor alkoholbruk, røyking, fysisk inaktivitet, underernæring og overvekt. I alt vart 1522 pasientar i somatikken, både inneliggjande og polikliniske, kartlagt i Helsedøgnet 2009.
Illustrasjonsfoto: Colourbox.no
Kombinerte behandlingsprogram
Heile 68 prosent av dei undersøkte pasientane var overvektige, 44 prosent hadde risiko for underernæring (også dei som er overvektige kan vere underernærte), 38 prosent var fysisk inaktive (mindre fysisk aktive enn 30 minutt per dag), 19 prosent røykte dagleg og fire prosent hadde eit klart risikofylt alkoholforbruk (meir enn 21 alkoholeiningar per veke for menn og meir enn 14 alkoholeiningar per veke for kvinner).
– Det var overraskande at så mange hadde ein eller fleire risikofaktorar. Resultata indikerer at dei fleste pasientane bør bli tilbode eit kombinert helsefremmande behandlingsprogram i staden for program som berre tar omsyn til éin risikofaktor, som har vore vanleg fram til no. Det gir også ein peikepinn om kva område vi bør forske vidare på, seier Kristian Oppedal, stipendiat ved Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforsking i Helse Vest (KORFOR) og Avdeling for rusmedisin på Haukeland universitetssjukehus.
Saman med Svein Skjøtskift, overlege ved Avdeling for rusmedisin, er Oppedal ein av forfattarane bak artikkelen Health and the need for health promotion in hospital patients, som vart publisert i The European Journal of Public Health i oktober.
Ny kunnskap
Nokon tilsvarande studie som Helsedøgnet er aldri blitt gjort i Noreg tidlegare, og studien gir eit godt bilete av livsstilsutfordringar i norsk helsevesen.
– Denne undersøkinga er berre eit augeblikksbilete, men det er likevel eit veldig potensiale i den. Den gir ny kunnskap, seier Oppedal.
– Ved å kartlegge samanhengen mellom livsstilsfaktorar og komplikasjonar på sjukehus, kan ein setje i verk førebyggjande tiltak for å betre behandlinga. Studiar viser for eksempel at fire vekers røykeslutt kan halvere risikoen for operasjonskomplikasjonar. Å setje i verk tiltak retta mot risikofaktorane kan betre både sjukdomsforløp, behandlingsresultat og prognose.
Overlege Svein Skjøtskift peikar vidare på at sjukehusa har to viktige opplæringsområde; identifikasjon av risikofaktorar hos pasientar og opplæring/rådgiving av helsepersonell.
– Vi må ha fokus på bevisstgjering i forhold til risiko, og vi må ta vare på moglegheita for å informere og påverke når pasienten først er på sjukehus. Då er dei gjerne meir mottakelege, om enn ikkje alltid meir motiverte. Førebelse endringar i tilknyting til sjukdom og /eller behandling er enklare enn å få til permanente endringar i livsstil, seier Skjøtskift.
Publisert
15.11.2010 11:25 |
Endret
15.11.2010 12:30