Lærum heidra av Forskningsrådet  

Professor og overlege Ole Didrik Lærum vart tirsdag tildelt Forskingsrådet sin formidlingspris. Allereie som ungdom utvikla Lærum eit nærmast religiøst forhold til kunnskap.
Av Linda Hilland
 

I grunngjevinga frå juryen vert det lagt vekt på at Lærum, som er professor i patologi ved Gades institutt, i ei årrekke har halde eit høgt tempo innan forsking og forskingsformidling, og at han med imponerande kvalitet og gjennomslagskraft har evna å skape engasjement og merksemd kring forsking.

 
UiB-professorane Sverre Håkon Bagge (frå v.) og Ole Didrik Lærum vart heidra med prisar for framragande arbeid under gårsdagens arrangement i Oslo. (Foto: Elin F. Styve) 
Fleire formidlingsprisar
Å motta formidlingsprisar byrjar etter kvart å bli noko av ein vane for Lærum. I vår mottok han Meltzerprisen for si mangeårige formidlingsverksemd og i fjor mottok han Det medisinsk-odontologiske fakultet sin formidlingspris. Han byrjar likevel ikkje å bli blasert.

– Eg er forferdeleg glad for å få denne prisen. Forsking og formidling er noko eg har kjempa for og vore oppteken av i mange år, seier han til På Høyden, nettavisa til Universitetet i Bergen.

Interessa for formidling og litteratur har han hatt med seg heilt sidan ungdomsåra på landsgymnaset.

– Eg hadde eit nærast religiøst forhold til kunnskap. I den tida var det svært mange som ville ta utdanning, men slett ikkje alle som hadde moglegheiten. Eg såg klart verdien av å gjere kunnskap allment tilgjengeleg, seier han.

Vil ha meir kunnskapskritikk
Allereie som 25-årig stipendiat byrja han å publisere populærvitskaplege artiklar. Sidan har han halde på ustoppeleg. Lærum har to rettesnorer for si eiga formidling. Den første av desse er at formidling også må innehalde kunnskapskritikk.

– I løpet av den siste generasjonen har det skjedd enormt mykje innanfor forskinga, kanskje særskilt innanfor biologi. Det har blitt publisert mange fantastiske forskingsresultat, men noko har også vist seg å ikkje stemme og blitt trekt tilbake. Dette skaper usikkerheit, noko ein kunne ha unngått dersom ein heilt frå starten gjorde det klart at det finst reservasjonar i forskinga, seier han.

For den skriveglade professoren er det også viktig å skrive med hjartet. Han understrekar at det er lettare å fange publikum si merksemd dersom ein er prega av oppriktigheit og engasjement i formidlingsarbeidet.

Ser negativ tendens
I løpet av mange år med forskingsformidling kan Lærum stort sett sjå tilbake på positive møte med pressa. Han ser likevel ein tendens til at medieoppslag i stadig større grad vert ei salsvare, og meiner at dette byr på problem for forskingsformidlinga fordi somme forskarar kvir seg for å delta i offentlegheita.

– Risikoen for ekstrem personfokusering er langt større i dag enn tidlegare, og mediene sin praksis med å få fram motsetnadene kan gjere forskarar til del av ein offentleg krangel dei ikkje har noko ønske om å vere del av. Dette ser vi mellom anna døme på i helsesaker og i klimadebatten, seier Lærum.


Publisert 23.09.2008 14:30 | Endret 28.09.2010 14:32 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo