Leitar etter VRE-smitte 

Sidan sommaren 2010 har Haukeland hatt eit utbrot av VRE (vankomycinresistente enterokokkar) I haust skal 500 pasientar ved alle somatiske postar sjekkast for denne motstandsyktige tarmbakterien.
 

VRE-utbrotet på Haukeland er ikkje over. Omlag 4000 bakterieprøvar er tatt av pasientar sidan sommaren 2010. Bakterien førte til inntaksstopp ved Lunge post 3 i to periodar i 2010.

- Vi har til no ikkje hatt kapasitet til å leite etter VRE ved alle avdelinger, men det er nødvendig å gjere systematisk smitteoppsporing i heile sjukehuset, seier overlege Dorthea Hagen Oma ved Senter for smittevern på Haukeland.

260 pasientar ved ulike avdelingar har sidan 2010 testa positivt på VRE-bakterien. 

Førekomsten av VRE har vore synkande dei siste månadane, men Oma ser for seg at dei vil finne fleire smitta når dei no leitar etter bakterien i større skala.

Sjekkar samtlege
Innan utgangen av oktober skal pasientar ved alle somatiske avdelinger på Haukelandsområdet sjekkast med tanke på VRE-bakterien. Det gjeld blant anna Barneklinikken, Hudavdelinga, Kvinneklinikken og Augeavdelinga. Prøven blir tatt som penselprøve frå endetarmen til pasienten.

Isolerer smitta
Pasientar med påvist smitte blir isolert i sjukehuset, så ingen andre skal få overført bakterien ved kontaktsmitte.

Testar ikkje-smitta
Alle pasientar som blir overført frå Haukeland til andre sjukehus skal i følgje dei nye nasjonale retningslinjene testast for VRE. Målet er å hindre at eventuell uoppdaga VRE-smitte får etablere seg ved fleire sjukehus i landet.

Handhygiene er beste middel mot VRE-smitte. Foto: colourbox
Vaske hendene: Beste middel for å hindre spreiing av VRE-smitte er god handhygiene hos både pasient, besøkjande og personale. Foto: colourbox.com

Nesten alle utan symptom
Dersom VRE blir ein vanleg bakterie i norske sjukehus vil fleire pasientar kunna få alvorlege infeksjonar med motstandsdyktige bakteriar.

Det er difor viktig å avgrense førekomsten av VRE i helseinstitusjonar og førebygge smitte til nye pasientar.

Enterokokkar lever i tarmen. For dei aller fleste smitta dreier det seg om bærarskap, det vil seie at dei har ingen symptom eller sjukdom på grunn av bakterien.

Tidlegare har VRE vore ein relativt sjeldan bakterie i Noreg.

Både berarskap og infeksjon med VRE er meldepliktige, og definert som allmenfarleg smittsam sjukdom etter Smittevernlova.

Auka førekomst av VRE (vancomycinresistente enterokokkar) ved fleire norske sjukehus har ført til at Folkehelseinstituttet har laga nasjonale retningslinjer:

Nasjonale retningslinjer for håndtering av vancomycinresistente enterokokker.

Sjå også kapittel om VRE i hygieneperm for sjukeheimar.


Publisert 21.09.2011 10:05 | Endret 22.09.2011 10:22 

 Publisert av eining

Helse Bergen HF Haukeland universitetssjukehus | Jonas Liesvei 65, 5021 Bergen | Telefon 05300 |
Telefon frå utlandet: +47 55 97 50 00 | Org.nr.: 983 974 724 | Postmottak |
Ansvarlig redaktør: Kommunikasjonsdirektør Mona Høgli |
Nettredaktør: Kommunikasjonsrådgivar Fredrik Lorentzen | Kommunikasjonsavdelinga

Facebook  Twitter   Flickr   Vimeo