Frå og med 13.02.2012 vil Hormonlaboratoriet analysera androstendion i serum med ein massespektrometrisk metode. Metoden er særs spesifikk og vil i stor grad utelukke krossreaktivitet frå liknande kjemiske stoff.
Resultat frå den nye metoden kan difor ikkje samanliknast direkte med analyseverdiar målt med tidligare metode.
Prøvemateriale: serum på prøverør med gel
Prøvevolum: 0,5 mL (250 µL serum kan nyttast for prøver av barn). Vert testosteron rekvirert samstundes kan same prøve nyttas.
Referanseområde
Menn 18 - 40 år 1,2 - 4,7 nmol/L tidlegare metode 2,1- 10,8 nmol/L Menn 41 - 67 år 0,8 - 3,1 nmol/L
Kvinner 18 - 50 år 0,9 - 7,5 nmol/L tidlegare metode < 11.5 nmo/L (premenopausale)
Kvinner > 50 år 0,5 - 2,9 nmol/L (postmenopausale)
Born har eigne referanseområder.
Referanseområdene byggjer på Kushnir et. al, Clin. Chem. 2010 Jul;56(7):1138-47.
Indikasjonar
Ved mistenkt overproduksjon av androgen hos kvinner (hirustisme, virilisering, amenoré og infertilitet). Diagnostikk og kontroll av medfødt binyrebarkhyperplasi. Ved vurdering av produksjonen av kjønnshormon hos born av begge kjønn – oftast i samband med utgreing av pubertet.
Tolkninger
Høge verdiar: Enzymdefektar i syntesen av steroidhormon (21-hydroksylase, 3-beta-OH-dehydrogenase, 11-beta-hydroksylase) og viriliserande svulstar. Auka verdiar kan og skuldast polycystiske ovarier, ovarial stromal hyperplasi, svulstar i ovaria (særs sjeldsynt), Cushings syndrom, ACTH-produserande svulstar.
Nivået varierer i løpet av menstruasjonssyklus. Ved høge verdiar hos kvinner i fertil alder vert kontroll i tidlig follikkelfase anbefalt. Høgare verdiar hos gravide
Lavere verdiar: Hos barn og postmenopausale kvinner.
Gunnar Mellgren, avdelingssjef
Melissa Davidsen Jørstad, lege i utdanningsstilling
Publisert
09.02.2012 02:20 |
Endret
14.02.2012 16:23