Nærare bakgrunnsinformasjon og retningslinjer for overgangen er gitt av Statens Legemiddelverk, sjå www.legemiddelverket.no.
Viktig informasjon frå LKB:
Direkte byte frå digitoksin til digoksin kan gi alvorleg forgiftning!
- Laboratoriet har registrert at det er mange blodprøvar der konsentrasjonen av s-digoksin er over øvre referansegrense
- Digitoksin blir påvist i ca. 15 prosent av blodprøvane der det er bestilt og påvist s-digoksin. I enkelte prøvar er summen av s-digitoksin og s-digoksin så høg at det er fare for forgiftning
- For å sikra god pasienttryggleik vel LKB derfor førebels å måla s-digitoksin rutinemessig der s-digoksin er rekvirert og omvendt, med utrapportering av begge prøvesvar
Tilrådde laboratorieanalysar ved overgang frå digitoksin til digoksin:
- Monitorering av digitoksin:
- Mål s-digitoksin før seponering for å få utgangsverdi
- Vent minimum ei veke frå seponering av digitoksin til oppstart av digoksin
- Vurder måling av s-digitoksin ei veke etter seponering hos pasientar med høg s-digitoksin før seponering
- Hugs at digitoksin blir langsomt eliminert frå kroppen!
Halveringstida er 4-9 døger.
- Monitorering av digoksin:
- S-digoksin 7 og 14 dagar etter oppstart av digoksin, hyppigare dersom nødvendig, og vidare monitorering ut frå digoksinverdiar, nyresvikt osv.
- Samtidig analyse av s-kreatinin, s-kalium og estimert GFR. Hugs at hypokalemi gir auka digitaliseffekt
Hugs melding av biverknader til RELIS
Ved spørsmål ta kontakt med vakthavande lege i klinisk farmakologi: telefon 559753100 (calling) eller e-post klinisk.farmakologi@helse-bergen.no (ikkje sensitive opplysningar).
Anne Grete Thue, Konstituert avdelingssjef
Odny Askeland, Lege i spesialisering, klinisk farmakologi
Publisert
21.06.2012 10:35 |
Endret
13.09.2012 13:29